Kommentar: Språkåret - frå Otfrid von Weißenburg til Ivar Aasen

I år feirar vi blant anna det språklege mangfaldet i Noreg.

I prosjektplanen til Språkåret kan ein lese at «berre det siste tiåret har om lag 200 språk vore i bruk i den norske kvardagen.» Dette er svært mange språk i eit lite land som Noreg. Men det er faktisk også like mange språk som har døydd ut berre dei siste tre generasjonane. Ein reknar med at ca. 2500 språk er utryddingstruga (i Noreg bl.a. sørsamisk). Dette er nesten halvparten av verdas språk (ca. 6000).

Det kan vere mange grunnar til at eit språk døyr ut, men det handlar jo til sjuande og sist om at ein sluttar å bruke språket. Svært ofte er det ei eller anna form for politisk eller religiøs makt som er den direkte årsaka. I Noreg prøvde ein t.d. i lang tid å nekte samane å bruke språket sitt for å få dei til å bli ekte, integrerte nordmenn.

Historia er full av maktskifte mellom regionar og land. Romarriket spreidde seg over store område og gjorde latin til administrasjonsspråket. Etter at romarane gjekk over til kristendommen, blei latin også kyrkja sitt språk, og latinen har følgt oss heilt opp til vår tid.

Svært mange skrivekyndige i den tidlege europeiske mellomalderen var munkar. Hovudoppgåva deira var ofte ikkje å skrive nye tekstar, men rett og slett å skrive av tekstar. Det var jo ikkje berre å kopiere tekstar, slik som i dag. Ei anna side ved kristendommen før reformasjonen var at bibeltekstane som regel var skrivne på latin og dermed ikkje lett tilgjengelege for folk flest, som sjeldan kunne noko anna språk enn den lokale dialekta.

Rundt 800 blei då Otfrid frå Weißenburg fødd inn i historia. Han blei munk og følte etter kvart eit behov for å skrive om Jesus på sitt morsmål, den frankiske dialekta der han voks opp. Men han ville heller ikkje berre omsetje bibeltekstane; han ville fortelje og dikte sjølv. Han spurde retorisk korfor frankarane – som dei einaste – ikkje skulle syngje og lovprise Gud på sitt frankiske språk.

Men Otfrid hadde også politiske mål med dette. Riket etter Karl den store hadde blitt delt, og no var det barnebarnet, Ludvig (den tyske), som regjerte i austriket. Folkespråket, «frenkisga zungun», skulle no brukast for å skape ein følelse av samhøyr og einskap. Folkespråket skulle bli kunst; folkespråket skulle bli litteratur; folkespråket skulle få status.

Otfrid kunne sjølv fortelje kor vanskeleg det var å bruke eit språk i skrift som ikkje var skriftfest frå før – der ein ikkje hadde grammatikkar eller retningslinjer.

På tusentalet og med bakgrunn i kristendommen og latin blei det også fart i utviklinga av det gamle norrøne skriftspråket som skapte stor litteratur til det etter nokre hundreår – på grunn av svartedauden og skiftande maktforhold – blei fortrengt at det danske skriftspråket.

Tusen år etter Otfrid frå Weißenburg tok så Ivar Aasen på seg jobben med å normalisere det norske folkemålet og skape eit nytt landsmål. Ivar Aasen hadde nok litt betre kår enn Otfrid, men det er likevel interessant korleis historiske hendingar påverkar språkutviklinga.

Utskrift E-post