Diktarpris til Arvid Torgeir Lie

Diktartavla 2013 går til Arvid Torgeir Lie. Diktarstien i tunet til Hardanger folkemuseum vert utvida med steintavle til Lie søndag 18. august, på diktaren sin 75-årsdag. 

 

Arvid Torgeir Lie har sidan debuten i 1967 og heilt fram til den siste diktsamlinga i 2006 vist ei framståande evne til å fornye det lyriske språket, meiner juryen.  

– Kvardagens erfaringar, natur og arbeidsliv blir skildra overraskande og frigjerande. Lie har gjennom elleve diktsamlingar, ei dikt i utval-bok og ei novellesamling klart å skapa ei eiga og særprega kunstnarleg uttrykksform som er både direkte og overrumplande.
Hardanger folkemuseum og Olav H. Hauge-senteret er stolte av og spesielt glade for å tildele prisen Diktartavla 2013 til Arvid Torgeir Lie på hans 75-års dag den 18. august, heiter det i ei pressemelding. 

Arvid Torgeir Lie kjende personleg ein annan norsk diktar som hadde fødselsdag 18. august, nemleg Olav H. Hauge. I 1988, då Lie fylte 50 og Hauge fylte 80, vart dette feira under same tak i Lie sin heim i Seljord. Til stades var mellom andre Einar Økland. Han kjem til Hardanger folkemuseum for å fortelja om sin kjennskap til Lie og forfattarskapen hans, og om båe to sitt forhold til Olav H. Hauge og fødselsdagsfeiringa i Seljord på dagen 25 år sidan. På denne måten vil me markera fødselsdagen til både Lie og Hauge i samband med prisutdelinga.

Musikalsk innslag vert ved folkemusikar Linda Gytri. Gytri frå Oldedalen i Nordfjord har mastergrad i folkemusikk, inkludert eit utvekslingsår på Sibeliusakademiet i Finland. Det å lage eigne låtar har fulgt henne heile vegen sidan unge trekkspelår, og musikken hennar er inspirert av folk og sterk natur. I den tradisjonelle folkemusikken er det springleiken som står hennar hjarte nærast – i frisk samklang med vestlandsspringarar, rufsete balkanmusikk og finske folketonar. Polka med sjel. Gytri spelte seg til tittelen Norgesmeister i ung alder, og har sidan markert seg som utøvar både i inn- og utland. Ho har konsertert mellom anna i USA, Malawi, Mosambik, Shetland – og her heime på Columbi Egg, Riksscenen, Kråkenes Fyr og i ei steinalderhole i Oldedalen.

 

Utskrift E-post