Mindre nynorsk med samanslåing av tingrettar

Mållaget fryktar sentralisering av tingrettane vil gå ut over nynorsken.

 

- Når Domstoladministrasjonen no føreslår nok ei sentralisering av tingrettane i Noreg, pressar dei det nynorske juridiske språket endå meir. Til saman er det no framlegg om å flytta 7 av dagens 13 tingrettar med nynorsk tenestemål ut av nynorskområda og over til område der bokmålet rår, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Det er i dag berre den administrative delen av tingrettane som er underlagd mållova, dommarane nyttar det språket dei vil i rettslege avgjerder.

Med dei føreslegne samanslåingane vil tingrettane i Valdres og Hallingdal gå frå å ha nynorsk tenestemål til å ha bokmål som tenestemål. Nord-Gudbrandsdalen og Jæren vil få nøytralt tenestemål, noko som i praksis vil seia meir bokmål. Søre Sunnmøre,  Sunnhordland og Hardanger vil halda fram med å ha nynorsk som tenestemål, men vera lokaliserte i bokmålsområde.

- Røynsler frå liknande føretak underlagde mållova, syner at å følgja mållova vert vanskelegare dess lenger vekk frå nynorskområde ein kjem, seier Marit Aakre Tennø.

- I tillegg ser me i dag at slike arbeidsplassar rekrutterer fleire nynorskbrukarar om dei er lokaliserte i nynorskområde. Difor vil ei utflytting av tingrettane frå nynorskområde til bokmålsområde ikkje berre vera uheldig for språket til tingrettsadministrasjonen, men utøvinga av jussen på nynorsk vil òg hamna under press, peikar ho på.

Desse har nynorsk tenestemål dag:
1   Hallingdal (framlegg om å slå saman med Ringerike)
2   Nord-Gudbrandsdal tingrett (framlegg om å slå saman med Sør-Gudbrandsdal tingrett)
3   Valdres (framlegg om å slå saman med Gjøvik tingrett)
4   Vest-Telemark
5   Fjordane (framlegg om å slå saman med Sogn)
6   Hardanger (framlegg om å slå saman med Bergen)
7   Haugaland
8   Jæren (framlegg om å slå saman med Dalane)
9   Sogn (framlegg om å slå saman med Fjordane)
10 Sunnhordland (framlegg om å slå saman med Bergen)
11 Romsdal
12 Sunnmøre
13 Søre Sunnmøre (framlegg om å saman med Sunnmøre)

Utskrift E-post