– Arbeidet til Grepstad gir nynorsk status som språk

Frå venstre: Samtaleleiar Heidi Fagna, kommunikasjonsansvarleg ved Nynorsksenteret i Volda, Eli Bjørhusdal, høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Morten Søberg, direktør for samfunnskontakt i Sparebank 1 Gruppen og direktør ved Nynorsk kultursentrum og forfattar Ottar Grepstad. Foto: Karoline Riise Kristiansen / NPKFrå venstre: Samtaleleiar Heidi Fagna, kommunikasjonsansvarleg ved Nynorsksenteret i Volda, Eli Bjørhusdal, høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Morten Søberg, direktør for samfunnskontakt i Sparebank 1 Gruppen og direktør ved Nynorsk kultursentrum og forfattar Ottar Grepstad. Foto: Karoline Riise Kristiansen / NPK

– Det å ikkje dokumentere eit språk statistisk er å halde eit språk nede. Til sjuande og sist er Språkfakta 2015 eit prov på at nynorsk er eit språk, sa Eli Bjørhusdal under lanseringa i Aasentunet torsdag.

 

Eli Bjørhusdal disputerte i 2014 med avhandlinga «Mellom nøytralitet og språksikring: Norsk offentleg språkpolitikk 1885– 2005». Torsdag kveld var ho ein av tre som var inviterte til Aasentunet til samtale med direktør for Nynorsk kultursentrum og forfattar Ottar Grepstad i Aasentunet under lanseringa av Språkfakta 2015.

Språksamtale

Språkfakta 2015 er omtalt som den mest omfattande dokumentasjonen av språk som nokon gong har vore gitt ut på norsk. I 20 år har direktøren i Nynorsk kultursentrum samla og sjølv utvikla store mengder statistisk informasjon om bruk og utbreiing av språk i Noreg og verda.

– Språkfakta 2015 er eit svært viktig arbeid for å gi nynorsk status som språk, sa Bjørhusdal under samtalen. Ho lovpriste arbeidet som er gjort og verdien det har for statusen til nynorsk.

Status

Statusen språk har og makta ord gir, blei ein stor del av diskusjonen i Aasentunet torsdag kveld.

– Vi vinn mykje på å snakke om dei to skriftspråka våre i Noreg som to språk, og ikkje som dialektar, heldt Bjørhusdal fram. Ho meiner det viktige med å omtale dei to ulike skriftspråka som to jamstilte språk, er akkurat statusen det gir.

Det slutta samtalepanelet seg til.

– Det er på høg tid å bli kvitt omgrepet «målform», sa Grepstad.

– Jo fleire gonger vi snakkar om nynorsk og bokmål som to ulike språk, dess vanskelegare blir det å bagatellisere nynorsken.

Grepstad fortalde om den glidande utviklinga dei siste tjue åra, av korleis ein omtalar nynorsk – frå målform til språk. Han framheva og at verket er ein dokumentasjon på at det står bra til med nynorsken og at denne utviklinga er spesiell.

Politisk funksjon

Samtalepartnar Morten Søberg, direktør for samfunnskontakt i Sparebank 1 Gruppen, streke under det politiske tydinga av utgjevinga.

– At verket ikkje er gitt ut av staten, gjer at det får ein viktig politisk funksjon, meinte samtalepartnar Morten Søberg.

Språkfakta 2015 er ei forteljing om språk i Noreg og verda gjennom 850 statistiske tabellar. Til boka blei det og lansert ein Språkplakat for Noreg og Norge med 13 oppsummerande faktapunkt, som er ein kortversjon av språkverket. (©NPK)

Les alle nyhendeoppslaga om Språkfakta i Framtida.no!

Utskrift E-post