Flora og Vågsøy vil slå seg saman

Frå Florø. Foto: Anaximander/CC BY-SA 3.0-lisensFrå Florø. Foto: Anaximander/CC BY-SA 3.0-lisens

Vågsøy og Flora er einige om å forhandle om ei samanslåing av dei to kystkommunane nord i Sogn og Fjordane.

Kommunestyret i Vågsøy vedtok torsdag med 19 mot 8 stemmer å gå inn i forhandlingar med Flora om ei samanslåing. Bystyret i Flora gjorde eit tilsvarande vedtak tysdag.

Begge vil dei gjerne ha Bremanger med i forhandlingane, og kommunestyret i Bremanger skal truleg behandle spørsmålet 9. mars, opplyser Bremanger-ordførar Audun Åge Røys (H) til Fjordenes Tidende.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane hadde helst sett at Vågsøy gjekk saman med Selje og Eid, men for Vågsøy er kystkommunane søranfor meir lokkande. Ein arm frå Vågsøy kommune kiler seg elles inn mellom Selje og Eid, som alt har vedtatt å slå seg saman.

Utskrift E-post