Går mot tilråding om Vestlandet

Kulturminister Linda Hofstad Helleland legg den nye kontoret til Kulturrådet til heimbyen hennar Trondheim. Foto: Wenche Nybo / Kulturdepartementet Kulturminister Linda Hofstad Helleland legg den nye kontoret til Kulturrådet til heimbyen hennar Trondheim. Foto: Wenche Nybo / Kulturdepartementet

Det er Trondheim som får Kulturrådets nye kontor, mot Kulturrådet si eiga tilråding om Bergen og Stavanger.

Det var i forslaget til statsbudsjettet for 2017 at Kulturdepartementet foreslo å flytte delar av verksemda til Norsk kulturråd ut av Oslo.

– Kulturlivet treng oppdatert kompetanse, særleg på teknologi. Då er det ein fordel å vere i byen med det fremste teknologimiljøet i landet, nemleg NTNU, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland til NRK.

Kulturdepartementet skriv i ei pressemelding at Kreativt Norge skal vere eit nasjonalt kontor som arbeider aktivt for å styrkje kulturell og kreativ næring i alle regionar.

– Formålet er at Kreativt Norge skal bidra til omstilling, verdiskaping og fleire arbeidsplassar regionalt, og hjelpe til med å utvikle eit vitalt kulturliv som legg til rette for kulturell vekst og talent over heile landet, står det i pressemeldinga.

Fleire byar har vore med i kampen om kontoret og det har vore arrangert konferansar for å avgjere kva for by som er best eigna.

 

Utskrift E-post