Stort fleirtal for nynorsk skulemål i Sirdal

333 sirdølar har stemt ja til å behalde nynorsk som målform ved Tonstad skule. 156 stemte for bokmål.

Under folkeavstemminga i Sirdal kommune i Vest-Agder måndag kom nynorsken sigrande ut då det skulle røystast over skulemålet. Ordførar Thor Jørgen Tjørhom seier til NRK at han er overraska over at nynorskfleirtalet blei så stort.

– Det er bra at vi som ligg i grenseland mellom bokmål og nynorsk har ei reell valmoglegheit, og kan høyre kva folk ønskjer gjennom ei avstemming, seier Tjørhom. Han reknar med at kommunestyret følgjer rådet frå folkeavstemminga.

 Sist det var avstemming om målform ved Tonstad skule var i 1985, også då vann nynorsken. 

Ifølgje Wikipedia hadde sju skulekretsar i Vest-Agder nynorsk i 2016. Det svarar til 6,5 prosent av skulekretsane, eller 3 prosent av elevane.

 

Utskrift E-post