Slik skal dei unge lokkast heim

Fredskorpset kan bli flytta frå Oslo til Førde. Bildet viser sentralsjukehuset i Førde i Sogn og Fjordane. Foto: Arild Finne Nybø/Flickr/CC BY-SA 2.0Fredskorpset kan bli flytta frå Oslo til Førde. Bildet viser sentralsjukehuset i Førde i Sogn og Fjordane. Foto: Arild Finne Nybø/Flickr/CC BY-SA 2.0

 Fleire arbeidsplassar i distrikta skal freista ungdom tilbake til bygda. 

– Når statlege verksemder vert plasserte i heile landet, kan fleire få spanande karrieremoglegheiter i det lokalmiljøet dei kjem frå, og dermed kunna flytta heim etter fullført høgare utdanning, uttaler Jan Tore Sanner, kommunal- og moderniseringsminister, i ei pressemelding.

Regjeringa har vedteke å flytta over 630 statlege arbeidsplassar ut av Oslo så langt i regjeringsperioden. Ifølgje Nynorsk pressekontor (NPK) vurderer nå Høgre, Frp og Venstre å flytta inntil 1.200 arbeidsplassar og omtrent 600 studieplassar ut av hovudstaden.

Målet er å skapa nye moglegheiter for folk og lokalsamfunn, og bidra til vekst og utvikling, både i byar og distrikta. Sterke kompetansemiljø skal byggjast i heile landet.

LES OGSÅ: Feil å tenkja at viss du forlèt byen, seinkar du ambisjonen

Sterke distrikt
– Med ny teknologi kan statlege verksemder drivast fleire stader, og samstundes vera tilgjengelege både for publikum og samarbeidspartnarar, seier Sanner.

Stortingsmeldinga om berekraftige byar og sterke distrikt vart presentert torsdag og fredag. I tillegg vart eit vedlegg lagt fram, med ein plan for lokalisering av statlege arbeidsplassar.

Språkrådet, Fredskorpset og Likestillings- og diskrimineringsombodet er blant dei verksemdene som skal vurderast lokalisert utanfor Oslo.

Justis- og beredskapsdepartementet skal også setja i gang ei utgreiing av å omlokalisera Politihøgskolens verksemd i Oslo.

Skeiv demografi
– Ei reell utfordring i ein del distriktskommunar er at det blir færre yrkesaktive bak kvar pensjonist, slik at ein får ein skeiv demografi. Ungdom som har reist ut for å studera flyttar ikkje tilbake. Det skaper over tid ei stor utfordring for distriktskommunar, forklarer Sanner i ei pressemelding.

Statsråden legg også til at han har stor forståing for at å arbeida i ei bedrift som skal gjennom ei omlokalisering er krevjande.

LES OGSÅ: Kvinnene rømmer frå distrikta

Utskrift E-post