PROGRAM FOR LANDSTINGET TIL LNK 2017

Sjå kva som skjer på Landstinget til LNK i Ulsteinvik, 8.-9. juni!

Torsdag 8. juni

Tema: Språk og næringsliv

09.00     Registrering

10.00     Velkomen til Ulstein v/ordførar Knut Erik Engh og styreleiar Solfrid Borge

10.20     Kulturell opning med Frid & Glede

Tema: Nynorsk og identitet i næringslivet

10.35     Åse Wetås, direktør i Språkrådet, innleier

11.10     Samtale med kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund i Kleven, Monika Haanes Waagan, som har skrive masteroppgåve om nynorsk i næringslivet og no er programansvarleg i Aasentunet, Åse Wetås, direktør i Språkrådet og Olav Sindre Kriken, seniorrådgjevar i digitalbyrået RACER deltar i samtale om nynorsk i arbeids- og næringslivet.

12.30     Lunsj

13.30     Tema: Bibliotek som språkformidlar. «Den raude prikken – til hjelp for nynorskfolket, til åtvaring for bokmålsfolket?», Mariann Schjeide, leiar i Norsk Bibliotekforeining, innleier.

13.45     Siri Ingvaldsen, fylkesbiblioteksjef i Sogn og Fjordane om Nynorske lesegledarar, Tid for ti og Nynorske turbibliotek.

13.55     Samtale mellom Mariann Schjeide, Mona Iren Auganæs, biblioteksjef i Ulstein og Siri Ingvaldsen, fylkesbiblioteksjef i Sogn og Fjordane om biblioteka si rolle som språkformidlarar.

15.00     Pause, kaffi, frukt, utstillarar

15.20     Forfattar Maria Parr innleier.

15.45     Svein Olav Langåker, redaktør i Framtida.no, presenterer Digitalt nynorskløft for barn og unge.

16.00     Årsmøte LNK

16.30     Møteslutt

18.00     Aperitiff, utstillarar og buffet – konferansier Lorentz Lunde

20.00     Konsert med Eva Weel Skram

Fredag 9. juni

Tema: Nynorsk, kommunereform og lokaldemokrati

08.45     Leiartale ved Solfrid Borge og framhald av årsmøte i LNK.

09.30     Pause og utsjekk

10.00     Tom Hetland, kommentator og tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenbladet innleiar til politisk debatt om nynorsk, kommunereform og lokaldemokrati.

10.30     Partidebatt om språk og lokaldemokrati

Helge André Njåstad (Frp), Liv Signe Navarsete (Sp) og Magne Rommetveit (Ap) møter til debatt om språk og kommunereform.

12.30     Runar Gudnason, låtskrivar og rappar i Side Brok, om å flytta heim og heim til språket

13.00     Møteslutt og lunsj

 

Les meir om landstinget her og meld deg på!

Utskrift E-post