Fredrik Hope er ny leiar i Målungdommen

– Norsk Målungdom er i stor vekst, seier Fredrik Hope, som er innstilt som ny leiar i organisasjonen. Foto: Ole Gunnar Dybvik og Mia Holvik / Norsk Målungdom– Norsk Målungdom er i stor vekst, seier Fredrik Hope, som er innstilt som ny leiar i organisasjonen. Foto: Ole Gunnar Dybvik og Mia Holvik / Norsk Målungdom

Vil kjempe for meir nynorsk i lærarutdanningane.

Fredrik Hope (23) vart på landsmøtet denne helga vald som ny leiar i Norsk Målungdom. Han var på førehand innstilt til vervet

Noverande målungdomsleiar Synnøve Marie Sætre går av etter to år i vervet.

Hope, som kjem frå Hyen i Sogn og Fjordane, har vore leiar i Firda Målungdom og Studentmållaget i Bergen, og har det siste året vore nestleiar i Målungdommen.

Ungdomsorganisasjonen skal i den kommande perioden arbeida med «Program for nynorsk i lærarutdanningane» og informasjonskampanjen «Nynorsk myteknusar».

Den påtroppande leiaren meiner det er på høg tid at høgskular og universitet tek ansvar for at lærarstudentar får den nynorskkompetansen dei treng.

– I dag er det heilt tilfeldig kva nynorskopplæring framtidas lærarar får. Nokre høgskular har gode opplegg, medan andre nesten ikkje gjev noko nynorskopplæring. Det finst inga felles ordning som sikrar at lærarstudentane lærer nynorsk, eller får syne at dei kan nynorsk – sjølv om alle lærarstudentar skal kunne undervise både nynorskelevar og bokmålselevar, seier Hope i pressemeldinga.

Utskrift E-post