Klassekampen-journalistar får nynorskpris

Guri Kulås og Jens Kihl er blant fleire journalistar som skriv nynorsk i Klassekampen. Foto: Christopher Olssøn/Klassekampen/NRKGuri Kulås og Jens Kihl er blant fleire journalistar som skriv nynorsk i Klassekampen. Foto: Christopher Olssøn/Klassekampen/NRK

 Får pris av Kulturdepartementet.

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar går i år til Guri Kulås og Jens Kihl i Klassekampen. Dei deler prisen på 50.000 kroner. Guri Kulås er filmmeldar i Klassekampen og har arbeidd der i 20 år. Jens Kihl er politisk journalist og byrja hausten 2013.

– Vi lyt få takke Bjørgulv Braanen. Vi er så heldige å ha ein redaktør som ser på nynorsken som eit naturleg nyheitsspråk. Vi har heile vegen stått fritt i val av målform og jamvel blitt oppmuntra til å bruke nynorsk i det daglege arbeidet vårt. Den fridomen set eg stor pris på, seier Guri Kulås i ei pressemelding frå Nynorsk Mediesenter.

LES OGSÅ: Nynorsk redaktørpris til Braanen

Gjev ros til avisa
Juryen for Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar gjev òg litt ros til avisa.

– Klassekampen aukar opplaget, samstundes som avisa har vore leiande i å bruke nynorsk, som ei av få riksaviser. Årets tildeling er dermed òg ein flik av heider til ei riksavis som har gått føre i å vise at vi kan skrive om alt på nynorsk.

– Overvelda
– Dette var litt av ei overrasking! Eg er overvelda, og det er ekstra stas å kunne dele prisen med ein svært dyktig kollega i avisa, seier Jens Kihl.

Han er fødd i 1986 og kjem frå Ullevål Hageby i Oslo. For Kihl er det å skrive nynorsk eit politisk standpunkt. Han har vore leiar av Norsk Målungdom, og er i dag nestleiar i Noregs Mållag.

Utskrift E-post