Landstinget 2017: Påmeldingsfristen nærmar seg

Merk av 8.-9. juni i kalenderen og meld deg på før fristen går ut!

Programmet til landstinget ferdig. Her er nokre av dei som vil innleia og delta på landstinget i Ulsteinvik:

TORSDAG 8. JUNI:

Velkomen til Ulsteinvik ved ordførar Knut Erik Engh.

Åse Wetås, direktør i Språkrådet, innleier om nynorsk i næringslivet.

Kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund i Kleven, Monika Haanes Waagan, som har skrive masteroppgåve om nynorsk i næringslivet og no er programansvarleg i Aasentunet, dagleg leiar Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Olav Sindre Kriken, seniorrådgjevar i digitalbyrået RACER, om nynorsk i arbeids- og næringslivet.

Svein Harberg, leiar i Kulturkomiteen på Stortinget, Mariann Schjeide, leiar i Norsk Bibliotekforeining, Mona Iren Auganæs, biblioteksjef i Ulstein og Siri Ingvaldsen, fylkesbiblioteksjef i Sogn og Fjordane og Maria Parr om biblioteka si rolle som språkformidlarar.

Svein Olav Langåker, redaktør i Framtida.no, om digitalt nynorskløft for barn og unge.

Torsdag kveld blir det buffet før det blir konsert med Eva Weel Skram.

FREDAG 9. JUNI:

Tom Hetland, kommentator og tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad kjem for å innleia om kommunereform, regionreform og språk.

Helge André Njåstad (Frp), Svein Harberg H), Liv Signe Navarsete (Sp), Terje Breivik (V), Magne Rommetveit (Ap) møter til debatt om språk og kommunereform.

Runar Gudnason, låtskrivar og rappar i Side Brok, om å flytta heim og heim til språket

Me håpar du vil bli med på denne viktige møtestaden for nynorskkommunane!

MELD DEG PÅ HER!

Påmeldingsfrist: 24. mai klokka 09.

Overnatting frå torsdag til fredag (inkl. lunsj begge dagar og middag torsdag): 3000 kr
Overnatting frå onsdag til fredag (inkl. lunsj begge dagar og middag torsdag): 3950 kr
For dagprogram: 850 per dag (inkl. lunsj)
For middagsbuffet og konsert torsdagen: 650 kr

Hotell og konferansestad:

Quality Hotel Ulstein / Sjøborg kulturhus og kino

Slik kjem du deg til Ulsteinvik!

Sjå tidsprogrammet til landstinget her!

Utskrift E-post