Sogn og Fjordane må vurdere nye kystkommunar

Jan Tore Sanner vil ha ny vurdering av nokre kommunegrenser i Sogn og Fjordane. Foto: KMDJan Tore Sanner vil ha ny vurdering av nokre kommunegrenser i Sogn og Fjordane. Foto: KMD

Kommunaldepartementet har bede Fylkesmannen i Sogn og Fjordane om å gjere ei ny vurdering av to kommunesamanslåingar i Nordfjord. 

 

Det har blitt gjort lokale vedtak om å slå saman Eid og Selje, og Flora og Vågsøy i Nordfjord. Men ingen av desse kommunane heng saman geografisk. Nå har kommunalminister Jan Tore Sanner (H) bede Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ta ein ny gjennomgang av kommunestrukturen i området, skriv Kommunal rapport.

Sanner varslar òg at departementet vil kome tilbake til saka i statsbudsjettet for 2018. Dette tyder truleg at dei to samanslåingane ikkje blir vedteke i Stortinget før sommaren, men heller blir utsett til etter valet.

I februar vedtok Flora og Vågsøy å slå seg saman til Kinn kommune. Bremanger ligg mellom desse to kommunane, men ynskte ikkje å vere del av den nye kommunen. Sjølv om Fylkesmannen i april meinte at det var mest føremålstenleg at Bremanger òg skulle bli med i den nye kommunen dersom dei skulle få ein slagkraftig kommune på kysten, vil ikkje Kommunaldepartementet tvinge Bremanger med. Dei bed heller om ei ny vurdering av kommunestrukturen i heile området.

Eid og Selje blir skilt av Vågsøy. Fylkeskommunen har spurt kommunane om kva dei tenkjer om ei grensejustering, der eit alternativ er å overføre området Bryggja i Vågsøy til den nye kommunen med Selje og Eid, slik at han heng saman geografisk. Dette er ikkje Vågsøy interessert i.

Sanner har nå bede om at Fylkesmannen ser på kommunikasjonsmønster og framtidig utvikling i tillegg til den økonomiske situasjonen i kommunane, særleg med tanke på kraftinntekter.

 

Utskrift E-post