Endeleg nynorsk på iPhone og iPad

Jublar for nynorsktastatur: f.v. Kirsti Lunde, Synnøve Marie Sætre i Norsk Målungdom og Per Henning Arntsen i Noregs Mållag.Jublar for nynorsktastatur: f.v. Kirsti Lunde, Synnøve Marie Sætre i Norsk Målungdom og Per Henning Arntsen i Noregs Mållag.

– Flott for alle oss nynorskbrukarar som har iPhone, seier leiar i Norsk Målungdom.

 

No slepp iPhonebrukarane å irritere seg over at mobiltelefonen rettar språket til bokmål. I fjor lanserte Swiftkey som fyrste aktør eit nynorsk tastatur for androidtelefonar, og no fylgjer dei opp med iOS-tastatur til iPhone, iPad og iPod touch.

– Dette er veldig gode nyhende for nynorsken, for no vert det endå lettare for mange å bruke nynorsk i kvardagen. seier Synnøve Marie Sætre, leiar i Norsk Målungdom i ei pressemelding. 

– Det er få stader folk skriv så mykje som på nettbrett og mobil. Det gjer dei til svært viktige arenaer for språket vårt. At ordlista på tastaturet også finst på nynorsk, burde vore sjølvsagt, seier Sætre.

Nynorsk tastatur
Norsk Målungdom og Noregs Mållag har lenge jobba for å få meir nynorsk på digitale flater, og dei jublar for at Microsoft-selskapet SwiftKey har teke initiativ til eit nynorsk tastatur.

– Eg har sjølv vore med og testa tastaturet, og det fungerer veldig bra, seier leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.

SwiftKey er ei gratis programvare tilgjengeleg for nedlasting i App Store og Google play. Mobiltastaturet finst på over 100 språk på 250 millionar einingar over heile verda.

– Me veit at språk er uløyseleg knytt til å ta vare på kultur og ynskjer å medverke til å oppretthalde det språklege og kulturelle mangfaldet i verda, uttalar SwiftKey om språksatsinga si.

Utskrift E-post