Lyser ut midlar til kompetansesenter for nynorsk for vaksne innvandrarar

Illustrasjonsfoto: ColourboxIllustrasjonsfoto: Colourbox

Skal rettleia andre kommunar.

 

 

Kompetanse Noreg lyser ut midlar til eit vaksenopplæringssenter som skal gje rettleiing i bruk av nynorsk i opplæringa etter Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

Frist er 15. juni 2017.

– Senteret må ha erfaring med å gje opplæring i norsk for vaksne innvandrarar på nynorsk, og må stille til disposisjon ein eller fleire som kan vere ressurspersonar i fagleg-pedagogiske spørsmål knyta til bruk av nynorsk i norskopplæringa, heiter det i utlysinga.

Skal rettleia kommunar

Vaksenopplæringssenteret vil få ansvar for å vere kompetansesenter når det gjeld rettleiing for kommunar som har gått over eller vil gå over til å gje norskopplæring på nynorsk. Senteret vil òg få ansvar for å finne ein eller fleire personar som kan ta på seg denne funksjonen.

Vaksenopplæringssenteret må ha erfaring med å gje opplæring på alle spor og nivå (frå alfabetisering til nivå B2). Senteret skal bidra med rettleiing og råd til andre senter som nettopp har starta eller vurderer å starte med å gje opplæring på nynorsk. Det kan innebere å besøke andre senter eller å ta imot besøk på eige senter, inkludert besøk i klasserommet, for å sjå i praksis korleis opplæringa kan gå føre seg.

Sentrale problemstillingar vil vere korleis opplæringa kan tilretteleggjast på dei ulike spora og nivåa, inkludert den fyrste lese- og skriveopplæringa.

Tilkotsramma er på inntil kroner 100.000.

Midlane vil i første omgang bli tildelt for eitt år, frå skuleåret 2017/18, med start hausten 2017.

Utskrift E-post