Etterlyser meir språkleg sjølvtillit i næringslivet

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpixFoto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Språkdirektør Åse Wetås vil ha ei opprusting av nynorsk fagterminologi, mindre fordommar og meir nynorsk i næringslivet. – Eg er heilt sikker på at det går like fint å selje både bilar, IKT-teknologi og allvêrsjakker på nynorsk som på bokmål.

 

– Eigentleg er det veldig synd at det er eit tema.

Det seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås, om at ho på torsdag skal prate om nynorsk i næringslivet på landstinget til LNK (Landssamanslutninga av nynorskkommunar) i Ulsteinvik.

– I utgangspunktet skulle vi ønskje oss at nynorsk var eit heilt naturleg val i næringslivet, uavhengig av kva verksemd ein dreiv. Vi vil ha mykje meir norsk inn i næringslivet i det heile teke, og vi trur at dette i nokså stor grad handlar om språkleg sjølvtillit.

Wetås seier mangel på utvikling av god, nynorsk fagterminologi er eit stort problem.

– Viss kjerneorda og kjerneomgrepa som brukast på arbeidsplassen ikkje er tilgjengelege på nynorsk, er det vanskeleg. Veldig mange verksemder brukar allereie utarbeidde standardar i arbeidskvardagen, og svært lite av dei er på nynorsk. Det er med på å gjere dei gode nynorskvala vanskelegare for verksemdene det gjeld.

– Viktig for språksamfunnet

Wetås meiner det er fleire viktige grunnar til å få meir nynorsk i næringslivet.

– For det første gir det språkleg sjølvtillit å sjå at språket faktisk er brukbart i alle moglege omgjevnader og kontekstar – ikkje berre når ein skriv privat, i skjønnlitteratur eller i tekstar som ein får frå kommunen, seier ho.

– Det er også viktig for språksamfunnet. For at både bokmål og nynorsk skal kunne vere samfunnsberande språk i framtida er det naudsynt å ha ein solid, god og allsidig tekstproduksjon på begge målformer, og at den ikkje haltar i nokre retningar.

– Går like fint å selje bilar på nynorsk

I nokre samanhengar er det enklare å ty til nynorsken, men det er ikkje alltid positivt, meiner Wetås.

– Til dømes i næringsmiddelindustrien er det lettare å velje nynorsk for alt som ønskjer å stå fram lokalt, reint og tradisjonsberande. Fordommane om språket gjer det enklare å bruke nynorsk både om og i bedriftssamanheng. Det skulle ikkje vore slik, men vi veit jo at nynorsk som det minst brukte av dei to norske målformene i veldig mange slike samanhengar blir valt bevisst.

– Eg er heilt sikker på at det går like fint å selje både bilar, IKT-teknologi og allvêrsjakker på nynorsk som på bokmål.

Tok ikkje omsyn til kundane i språkval

Monika Haanes Waagan har i si masteroppgåve analysert språkpraksisen hos 39 bedrifter i den maritime næringsklyngja på Sunnmøre.Monika Haanes Waagan har i si masteroppgåve analysert språkpraksisen hos 39 bedrifter i den maritime næringsklyngja på Sunnmøre.Monika Haanes Waagan skal også delta på Landstinget, der ho skal fortelje om funna i masteroppgåva si. Den var ei analyse av språkpraksisen hos 39 bedrifter i den maritime næringsklyngja på Sunnmøre.

– Eg definerte språket dei hadde på nettsidene som bedriftsspråket deira, fordi det er mest synleg for publikum. Av dei 39 bedriftene så var det ni som hadde nynorsk som hovudspråk, 18 hadde bokmål og tolv hadde engelsk. Eg er ikkje så overraska over at det berre var ni som hadde nynorsk som hovudspråk, ein har jo eit inntrykk av at det er relativt mykje mindre synleg nynorsk enn bokmål.

Undersøkingane til Waagan viste at målforma leiinga brukte personleg var ein viktig faktor for om nynorsken fekk innpass i bedrifta. Avgjerslene om kva språk som blir brukt er også veldig tett inntil språkbrukarane sjølve, og ingen av bedriftene tok omsyn til kundane når dei kunne velje språk.

– Det gjekk på kva dei sjølve bruker eller kva identitet dei sjølv eller bedrifta har. Det var ikkje slik at viss dei hadde kundar i Oslo så ville dei bruke bokmål, det handla meir om kven ein ville vere som bedrift, seier Waagan.

Språkdirektør Wetås tykkjer det er bra at bedriftene ikkje nødvendigvis brukar nynorsk av økonomiske årsaker, men seier det også har ei bakside.

– Det som er veldig bra er at der er ein slags Vestlandsidentitet som gjer det naturleg for mange av desse bedriftene å bruke nynorsk. Det eg ikkje tykkjer er så bra er at det knyter seg til personlege språkval hos enkeltbrukarar hos bedrifta, noko som gjer det mykje meir sårbart enn om det hadde vore ein bevisst politikk eller eit naturleg val. Viss den eller dei konkrete personane som ber dette språkvalet, sluttar på denne arbeidsplassen, så vil det vere veldig sårbart for språkarbeidet.

– Nynorsk er naturleg for oss

Skipsbyggingskonsernet Kleven var ei av bedriftene som var med i undersøkinga til Waage. Kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund seier dei hovudsakleg nyttar nynorsk, og engelsk der det krevjast.

– Vi nyttar nynorsk rett og slett fordi det er språket vårt. Vi held til i Ulsteinvik og Gursken, og då er nynorsk det naturlege språket å bruke. Det ligg ingen politikk i det, og er ikkje noko ein treng forklare eller forsvare, seier Kvalsund og held fram:

– Det er også det språket det store fleirtalet i bedrifta er oppvakse med og opplært i på skulen, og som dei fleste då er tryggast på og best i. Det skal vere kvalitet i det vi leverer, det gjeld også språkleg. (©NPK)

Sjå programmet for landstinget her!

Utskrift E-post