Han er den siste ordføraren i Haram kommune

Vebjørn Krogsæter frå Senterpartiet blir truleg den siste ordføraren i Haram kommune. Foto: Karoline Riise Kristiansen / NPKVebjørn Krogsæter frå Senterpartiet blir truleg den siste ordføraren i Haram kommune. Foto: Karoline Riise Kristiansen / NPK

Ordføraren i Haram kommune på Sunnmøre, Vebjørn Krogsæter (Sp), blir den siste ordføraren i kommunen etter vedtaket om samanslåing i Stortinget torsdag.

 

– Sjølv om dette ikkje var noko vi ønskte, så har eg likevel tru på framtida, sa han i ein paneldebatt i regi av Landssamanslutninga for Nynorskkommunar (LNK) fredag.

Torsdag og fredag samla politikarar, kommunetilsette og språkfolk seg i Ulsteinvik under Landstinget 2017. Paneldebatten hadde stikkorda kommunereform, regionreform og språk, og temaet kunne vel ikkje ha vore meir aktuelt etter voteringa om tvangssamanslåing av kommunar som blei gjort i Stortinget torsdag kveld.

Haram kommune på Sunnmøre blir som kjent tvangsinnlemma i storkommunen «Nye Ålesund», som er sett saman av Ålesund, Skodje, Ørskog og Sandøy. Ordføraren i Haram kommune, Vebjørn Krogsæter, ligg dermed an til å bli den siste ordføraren i Haram kommune og var ein av fem paneldeltakarar.

Stor lokal motstand

– Sjølv om det heilt sikkert går bra, også ved ei samanslåing, så er det er likevel spesielt at vi blir ein del av denne storkommunen. Det er stor motstand i Haram mot samanslåinga. Av om lag 9000 innbyggjarar har godt over 3000 skrive under på ein underskriftskampanje mot samanslåinga, sa Krogsæter under debatten.

I slutten av februar skreiv også Sunnmørsposten at heile åtti prosent av dei som stemte i folkeavstemminga i Haram, sa nei til å bli ein del av ein storkommune.

– Men når det gjeld språk, så kjem vi godt ut av det, la Krogsæter til.

Slik det ligg an til i dag blir nemleg den nye storkommunen den største nynorskkommunen i landet.

Haram er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal med om lag 9000 innbyggjarar. Til og med torsdag denne veka grensa kommunen i aust mot Vestnes og i søraust mot Skodje. Over Grytafjorden i sør ligg Ålesund kommune, og mot vest ligg øykommunen Giske.

– Men kva om det blir regjeringsskifte og kommunesamanslåinga blir nullstilt etter stoppa, spurde ordstyrar Svein Olav Langåker frå LNK.

– Kva som skjer til hausten, det får me ta til hausten. Det kan vi ikkje bruke energi på akkurat no, svarte Krogsæter.

(©NTB)

Utskrift E-post