Leiartale: LNK er snart 25 år!

Leiartalen til Solfrid Borge på landstinget til Landssamanslutninga av nynorskkommunar i Ulsteinvik 9. juni.

– I desse dagar for 24 år sidan vart Kulturdepartementet informert om at LNK ville bli starta opp, og departementet vart invitert til eit stiftingsmøte på Bryne.

– Tjuefemårs-jubileet er altså ikkje før til neste år, men sidan me berre har landsmøte annakvart år, må me ha lov til å feira oss sjølv litt i forkant – altså i år. Dette landstinget innleier feiringa!

Medlemssituasjonen

– Nynorskkommunane har slutta opp om LNK heilt sidan starten i 1993. Alt etter eit par års drift hadde organisasjonen over 90 medlemer, og dette har vore stabile medlemer. Ved inngangen til jubileumsåret har LNK 122 medlemer og 104 av desse er kommunar og fylkeskommunar. Kanskje endå viktigare i desse dagar med kommune- og regionformarbeidet.

Kvifor er LNK viktig?

– Medlemstalet har vore stabilt veksande i tjue år, og organisasjonen har funne sin plass, men det betyr ikkje at LNK ikkje skal utvikla seg vidare. Samfunnet er i endring – heile tida. Og det er viktig for ein organisasjon som LNK å analysera desse endringane, og så laga eit handlingsprogram som møter nye utfordringar på ein offensiv måte.

– Mange av dei som vel å gjera seg nytte av mindre brukte språk, lir under dette valet. Slik er det i dei aller fleste land. Mindre brukte språk er mindre synlege i media, har færre bøker, og i desse dagar – ikkje minst færre kjendisar.

– Mindre brukte språk møter lettare fordommar – nettopp av di dei er mindre brukte språk. Det er ganske tøft for ein ungdom å stå opp for sitt eige språk, eit språk som gjer at ho eller han står fram som «annleis» og kanskje har med seg eit sett av verdiar som skil seg ut frå fleirtalet.

Dette betyr at me må leggja til rette for at folk som ynskje å vera nynorskbrukarar, som er stolte av målet sitt – må få vera det utan å kjenna seg utstøytte.

Språkopplæring

– Fleire er opptekne av kva status nynorsk har hjå barn og unge i dag – og det er ikkje utan grunn. Mange byter språkform medan dei går på vidaregåande, nok fordi dei kjenner presset frå majoritetsspråket, andre av taktiske grunnar. Dette har ført med seg at det somme plassar har vorte vanskeleg å rekruttera nynorskbrukande sakshandsamarar til kommunane.

– Noko som gir større trong for språkopplæring. LNK sine kurstilbod har aldri vore så populære som i dag. Men det har og ført med seg at LNK sine eigarar – kommunane – på landsting etter landsting har peika på kor viktig det er at LNK arbeider med nynorsktilbod til barn og unge. Det er dagens ungdomar som skal styra kommunane om nokre år.

– Dei kommunane som er med i LNK får kvart år tilbod om gratis kurs i nynorsk for saksbehandlarar, og elles mange tips og idear om språkbruk i det offentlege. Det nye og sterkt oppdaterte «På saklista»-kurset er omtykt – og svært viktig for kommunane. Undertittelen på kurset er «språk og saksbehandling på papir og nett», og i tillegg legg kurset stor vekt på «klart språk». Me har for tida fire kurshaldarar som saman dekkjer heile medlemsmassen vår.

Nynorsk i vaksenopplæringa

– Det norske busettingsmønsteret påverkar språket sterkt. Folkeveksten er i dag størst i område der bokmål tradisjonelt har stått sterkt, og denne tendensen har vore tydeleg i mange år. Sjølv om det faktisk er fleire nynorskelevar i grunnskulen i år enn det var i fjor, går den såkalla «nynorskprosenten» ned, år etter år.   Sjølv om talet på nynorskelevar faktisk aukar, aukar folketalet i bokmålsområda, meir og raskare. Hovudgrunnen til at dette skjer er at svært mange innflyttarar vel å slå seg ned i Oslo og omegn.

– Men mange innflyttarar slår seg også ned i nynorskkommunar – og jammen får dei ikkje tilbod om bokmålsopplæring der og! Eg er redd for at slikt ofte speglar att defensive og for lite gjennomtenkte haldningar til «våre nye landsmenn». Det viser kanskje at me ikkje ser på dei som ressursar – ressursar som me vil skal verta verande i våre lokalmiljø. Dette med integrering handlar også om språk.

Informasjons- og publiseringsarbeid

– Noko av det viktigaste LNK arbeider med er dei informasjons – og publiseringsoppgåvene me har teke på oss. Medlemskommunane peika tidleg på at organisasjonen burde vera tydeleg på nett, og der var LNK tidleg ute: Alt i 1996 vart Magasinett.no starta opp, og etter nokre år vart dette nettidsskriftet for ungdom knytt til LNK gjennom ein driftsavtale. Organisasjonen driv i tillegg Pirion.no, som er eit nettilbod for barnehagetilsette. For vaksne brukarar har me LNK.no, søkesida Startsida.no og ikkje minst har me suksesshistoria nettavisa Framtida.no for ungdom i alle aldrar. Desse tilboda hadde i 2016 meir enn ein halv million brukarar. LNK når altså fram til folk.

– Sidan Svein Olav i sitt innlegg i går gjekk så grundig gjennom både dette, og dei spennande planane me har om ei nynorsk digital satsing for barn, skal eg ikkje bruka mykje tid på dette, sjølv om det som sagt er eit viktig arbeidsområde for oss.

Kommune- og regionreformene

-Dei siste åra har LNK arbeidd mykje med kommune- og regionreformene. Vårt ansvar overfor medlemene våre, kommunalkomiteen på Stortinget og Kommunal- og regionaldepartementet har vore å peika på eventuelle uheldige språklege konsekvensar av reformene. Alt dette finn de mykje meir om på LNK.no. Stortinget avgjorde i går kommunereforma og LNK vert ein viktig støttespelar for prosessen fram mot kommunesamanslåing i 2020.

Økonomi – ei utfordring

Det er ikkje tilfeldig at eg nemner KMD her. Den største utfordringa i LNK dei siste tre åra har vore økonomien. Etter at Kulturdepartementet hausten 2014 strauk den årvisse løyvinga til LNK, har me levd i økonomisk uvisse. Heldigvis har Kommunalkomiteen på Stortinget kvart år «redda» oss, og funne pengar til oss, men situasjonen har vore så uviss at me ikkje har våga å satsa på nye prosjekt. Grunngjevinga for at me vart strokne frå statsbudsjettet var at me er ein interesseorganisasjon for norske kommunar, og då får dei betala gildet. I dei siste tre åra har me hatt eit svært godt samarbeid med KMD, men både Kommunaldepartementet, enkeltpolitikarar på Stortinget og styret i LNK har peika på at ut frå dei oppgåvene LNK har teke på seg å løysa, bør faste løyvingar til organisasjonen vera eit ansvar for Kulturdepartementet.

- I år er løyvinga over statsbudsjettet 1,5 millionar, og for 2018 har me søkt om å få vidareført denne støtta – men over kulturbudsjettet.

- Organisasjonen hadde ikkje vore det same utan trufaste samarbeidspartar som Fagforbundet, KLP-Forsikring og Hotell Bondeheimen. LNK har hatt samarbeid med alle desse i meir enn femten år. Dei er altså langsiktige og entusiastiske medspelarar og fortener stor takk.

Språk – meir enn eit kommunikasjonsmiddel

Språk er så utruleg mykje meir enn kommunikasjon. Alt i 1973 gav professor i psykologi, Rolf Petter Blakar, ut boka «Språk er makt». Boka vart raskt ein klassikar og tittelen vart etterkvart eit munnhell – brukt så ofte at han snart er ein floskel.

Uttrykket «kulturell kapital» har etter kvart også blitt ein floskel, men er like fullt framleis viktig. Kunnskap om språk er den viktigaste forma for kulturell kapital, og vil bli endå viktigare enn i dag. Di fleire språk ein kan, di sterkare står ein, både som enkeltperson og som institusjon eller organisasjon.

Samstundes trur eg at språk blir stadig viktigare som identitetsmerke. Gjennom språket vårt ønskjer me å seia noko om kven me er, kor me kjem frå og korleis me ønskjer å bli oppfatta – kva verdiar me har. På fint heiter dette omdømebygging. Eit godt omdøme er ikkje noko ein bestemmer, men byggjer nedanifrå og opp!

For to år sidan, i 2015, heldt LNK landsting på Gol. Hovudtema den gongen var nettopp omdømmebygging. Også kommunane har behov for å tenkja over kva signal dei gir til omverda. Språket desse kommunane held seg med er eit særs viktig signal.

Dette – og mykje anna, kan LNK hjelpa kommunane med.

– Som de høyrer. Eg er stolt over det arbeidet LNK gjer, Landssamanslutninga av nynorskkommunar vert nok ikkje arbeidslause dei neste 24 åra heller.

Ha eit godt landsting vidare.

Utskrift E-post