30 kommunar har mista fleire hundre millionar

Regjeringa fasar ut kompensasjonsordninga som gav næringsliv i distrikta opp i 500 millionar kroner årleg. No krev Stortinget konsekvensutgreiing av utfasinga, skriv Nationen.

 

– Stortinget ber regjeringa greie ut om konsekvensane av endringane i kompensasjonsordninga etter bortfall av differensiert arbeidsgjevaravgift for næringslivet i distrikta, heiter det i ein merknad til revidert budsjett frå regjeringa og støttepartia førre veke.

Dei siste åra har millionar av kroner som næringslivet i kommunane årleg har fått som kompensasjon for at dei betalar høg arbeidsgjevaravgift vorte gradvis reduserte, og frå neste år er det slutt. I alle fall er det varsla frå regjeringa.

Kompensasjonsmidlane som er under avvikling, har vorte tildelt sidan 2004, og gjeld for næringslivet i kommunane som då fekk auka arbeidsgjevaravgift jamført med 2003. Per i dag gjeld det 30 kommunar over heile landet, ifølgje Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Avviklinga av kompensasjonsmiddane vart varsla i statsbudsjettet for 2016, og den tildelte potten er frå 2014 til 2017 redusert frå 505,3 millionar til 50 millionar.

Viktige pengar for kommunane

Avviklinga uroar Venstre-nestleiar Terje Breivik, som har sytt for at Stortinget no krev ei konsekvensvurdering av saka. Han seier han har fått tilbakemeldingar frå kommunar og aktørar som «er eintydige» på at det er for tidleg å avslutte kompensasjonsordninga no.

– Vi veit at midlane har vore nødvendige for mange kommunar, og at dei er brukte fornuftig til dømes i å stimulere til næringsutvikling og betre opplæring. Vi veit også at det er kompensasjonsmidlar Noreg kan nytte seg av utan at det kjem i konflikt med EØS-avtalen. Vi ser fleire døme på at vi med stor fordel burde ha vurdert å halde fram kompensasjonsperioden lenger for å få full effekt ut av ein del tiltak som er sette i gang, seier han til Nationen.

– Lang tilpassing

Statssekretær Grete Ellingsen (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet forsvarar avviklinga av kompensasjonsmiddane og seier næringslivet har hatt lang tid på å tilpasse seg auka arbeidsgivaravgift.

– I ei tid som krev omstilling og betre bruk av ressursane, spissar regjeringa meir av innsatsen der vi veit at han verkar. Det viktigaste vi kan gjere for å sikre vekst og verdiskaping i heile landet er å skape gode vilkår for næringslivet, skape trygge arbeidsplassar og auke innovasjonstakta, kommenterer ho via e-post til avisa.

Totalt er det løyvd i underkant av 7 milliardar kroner til kompensasjonsordninga sidan 2004, ifølgje Ellingsen.

– Næringslivet vil med ei avvikling etter 2017 vere indirekte kompenserte gjennom ein periode på 14 år, og har derfor hatt lang tid på å tilpasse seg avgiftsnivået, skriv ho.

– No vil vi i staden bruke større ressursar på tiltak som delar av næringslivet spør etter: Betre vegar og lågare skattar, skriv ho og peikar på at satsinga på fylkesvegar åleine har auka med 1,4 milliard kroner i denne stortingsperioden.

Dei 30 kommunane kompensasjonsordninga har omfatta er Tromsø, Bodø, Frosta, Leksvik, Midtre Gauldal, Rissa, Selbu, Aukra, Eide, Gjemnes, Haram, Herøy, Midsund, Flora, Førde, Sogndal, Etne, Kvam, Modalen, Bømlo, Vindafjord, Finnøy, Audnedal, Åseral, Hægebostad, Sirdal, Vegårshei, Iveland, Sigdal og Gausdal.

(©NPK)

Utskrift E-post