Regjeringa har konludert: Språkrådet blir i Oslo

Kulturminister Linda Hofstad Helleland. Foto: HøgreKulturminister Linda Hofstad Helleland. Foto: Høgre

Språkfaglege vurderingar talar mot å flytta Språkrådet ut av hovudstaden, meiner kulturminister Linda Hofstad Helleland.

 

Bergen, Volda og Sogn og Fjordane melde seg tidleg på i dragkampen om å få Språkrådet til seg då det blei klart at regjeringa vurderte å flytta dei 35 arbeidsplassane i rådet ut av Oslo.

Ottar Grepstad, som er direktør i Nynorsk kultursentrum og tidlegare styreleiar i Språkrådet, har på den andre sida argumentert for at Språkrådet kunne bli svekkja av ei flytting frå hovudstaden. Grepstad kan i dag pusta letta ut:

Flytteplanane er avblåst, melder kulturminister Linda Hofstad Helleland i ei pressemelding frå regjeringa.

Spesialiserte oppgåver

Språkrådet held til i Observatoria på vestkanten i Oslo, og skal ikkje flytta på seg med det første. Foto: Jan-Tore Egge / Wikimedia Commons / CC BY-SA

I ei utgreiing som kulturdepartementet har gjennomført blir det konkludert med at Oslo er den einaste staden som kan tilby dei mest relevante fagmiljøa innanfor dei områda Språkrådet forvaltar.

Bergen, Bø i Telemark og Stjørdal har blitt vurderte som alternative plasseringar for statsorganet.

– Med ei flytting av Språkrådet vil det vera svært høg risiko for tap av kompetanse på område der det er vanskeleg å rekruttera ny kompetent arbeidskraft. Dette skyldast at Språkrådet har høgt spesialiserte arbeidsoppgåver på fagfelt der det blir utdanna få nye kandidatar, seier kulturministeren i pressemeldinga.

OK for Venstre

Venstre har vore ein pådrivar for å flytta fleire statlege arbeidsplassar ut av Oslo, men når det gjeld Språkrådet har partitoppane vore usamde. Regjeringa melder at samarbeidspartiet er informert om avgjerda.

– Venstre er svært opptekne av Språkrådet, og aksepterer at dette er dei faglige tilrådingane i denne saka, seier Venstre-nestleiar Ola Elvestuen ifølgje pressemeldinga.

Kjelder som Bergens Tidende har snakka med fortel ei litt anna historie enn pressemeldinga: Dei seier at det nettopp er Venstre som har avgjort saka til fordel for å la Språkrådet bli i Oslo. Partileiar Trine Skei Grande skal ha vore ein pådrivar for denne konklusjonen, saman med Guri Melby – som i tillegg til å vera gruppeleiar for Venstre i Oslo bystyre også er styreleiar i Språkrådet.

Utskrift E-post