Det lågaste publikumstalet på årevis for Dei nynorske festspela

Daniel Kvammen spelte i Uteamfiet på Aasentunet. Foto: Humberset FotoDaniel Kvammen spelte i Uteamfiet på Aasentunet. Foto: Humberset Foto

Dei nynorske festspela i Ørsta i helga hadde sitt lågaste besøkstal på fleire år.

Det best besøkte arrangementet var konserten med Stein Torleif Bjella, som 344 publikummarar gjekk på. Dei samla besøkstala på 4044 er under budsjettet til festivalen, skriv Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Dagleg leiar på Aasen-tunet, Gaute Øvereng, meiner årsaken til dei låge tala er dårleg vêr og færre arrangement enn tidlegare.

– Neste år flyttar me Festspela til tidlegare i juni, og då er det også naturleg å sjå om me kan gjere fleire ting på nye måtar, seier han om festivalen som vart arrangert for 26. gong.

Tek med seg inntrykka

Festspeldiktaren i år var barne- og ungdomsforfattar Lars Mæhle, som reiser heim med gode minne.

– Eg vil alltid ha med meg bilde og inntrykk herifrå, frydefulle barneblikk, gode samtalar, musikk, ord og gode ansikt, seier Mæhle.

LES INTERVJUET MED FESTSPELDIKTAREN HER

I alt arrangerte Festspela 48 arrangement i Aasen-tunet og i vertskommunane Ørsta og Volda, og festivalen har budsjett på 2,2 millionar kroner.

Ei nyvinning i år, er at festpela strøyma nokre arrangement på internett. Det gjer at det framleis er mogleg å få med seg nokre av arrangementa.

Utskrift E-post