Utkantbutikkar får støtte for å overleve

 Foto: Sigurd Gartmann / Flickr Foto: Sigurd Gartmann / Flickr

Ei ny støtteordning kan gi utkantbutikkar betalt for å yte sørvistenester til lokalsamfunna. Så langt har 28 butikkar over heile landet fått støtte.
 

På stader med få innbyggjarar er butikken gjerne meir enn ein butikk, den er ein samlingsstad. Ei ny statleg støtteordning innanfor merkur-programmet gjer at dei aller minste lokalbutikkane kan få 100.000 kroner i støtte for tenester dei yter for lokalsamfunnet, skriv NRK.

– Poenget med ordninga er å betale for den sørvisen som butikkane gjev lokalsamfunnet, seier seniorrådgjevar Per Kjetil Jørgensen i Merkur-programmet til kanalen. Merkur-programmet er eit statleg utviklingsprogram for nærbutikkar og bokhandlarar i distrikta.

– Vi ser at mange av dei små butikkane slit for å overleve fordi kundegrunnlaget er for lite. Men samstundes er desse butikkane viktig for lokalsamfunna. Både for dei som bur der, for lokalt næringsliv og for hyttegjestar og turistar, seier Jørgensen.

Så langt har 28 butikkar over heile landet fått denne støtta. Ofte er desse butikkane siste skanse av møteplassar i lokalsamfunnet.

Dei fire siste åra har distriktsbutikkane til saman fått 177 millionar kroner i statleg støtte til investeringar. I fjor var interessa for modernisering så stor at Merkur-programmet måtte setja søknadsstopp i november, ifølgje Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Iveren etter å fornya distriktsbutikkane er størst i Nordland, Hordaland og Møre og Romsdal. Mesteparten av pengane blir brukt til oppussing av butikkane, med nye kjølediskar, frysarar og butikkdata.

Utskrift E-post