Tverrpolitisk støtte til digital ordbok

Politikarane i Møre og Romsdal støttar planane om ei digital ordbok som eit fellesprosjekt mellom Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda. 

 

Vilkåret er at det fører til fleire faglege stillingar ved Høgskulen i Volda, skriv Høgskulen i Volda på nettsidene sine.

Arbeidet med digitalisering av Norsk ordbok er eit prosjekt som spring ut av at dei norske språksamlingane har vorte flytta frå Universitetet i Oslo til Universitetet i Bergen. Samlingane er fysisk lokaliserte til Universitetet i Bergen, men i eit samarbeid med Høgskulen i Volda.

Ei viktig og naturleg vidareføring av språksamlingane er å digitalisere Norsk ordbok. Dette fell inn under den strategiske satsinga på nynorsk i forsking og undervisning ved Høgskulen i Volda. For å styrke seg på dette området vil Høgskulen i Volda om kort tid lyse ut eit doktorgradsstipend retta mot forsking på nynorsk og digitalt ordboksarbeid, heiter det i nettsaka.

Då representantar for dei politiske partia i Møre og Romsdal var på plass på semesteropninga ved Høgskulen i Volda tok høgskulerektor Johann Roppen opp dette spørsmålet med alle partia og fekk positiv respons frå alle.

– Eg er svært nøgd med at politikarane frå fylket vårt ser verdien av at Høgskulen i Volda samarbeider med Universitetet i Bergen om utvikling av norsk språk generelt og arbeidet med Norsk ordbok spesielt. Sjølv om politikarane ikkje kan gje konkrete lovnader, så var alle positive til prosjektet og kjem til å følgje det opp i sine partiorganisasjonar, seier Roppen.

(©NPK)

Utskrift E-post