Allkunne i vekst

 Per Magnus Finnanger Sandsmark tok til som redaktør i det nynorske nettleksikonet Allkunne 1. februar i år. FOTO: Anders Aanes / Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark tok til som redaktør i det nynorske nettleksikonet Allkunne 1. februar i år. FOTO: Anders Aanes / Nynorsk kultursentrum

Sidan starten for ni år sidan, har det vore ein vekst for det nynorske, digitale oppslagsverket Allkunne. 

 

– No har vi 23.000 artiklar i basen vår, og vi veks med meir enn ein artikkel per dag, fortel redaktør Per Magnus Finnanger Sandsmark til avisa Møre-Nytt.

Saman med Stina Aasen Lødemel utgjer han den faste staben til Allkunne. Dei er lokalisert i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda, og er ein del av Nynorsk kultursentrum.

Alle tekstar blir vurderte redaksjonelt og språkvaska før publisering. Allkunnestaben har knytt til seg ein fast redaksjon på fem medlemmer, der dei sit med leksikalsk kunnskap, språkkunnskap og formidlingskunnskap.

Målgruppa er nynorskbrukarar generelt, men det viser seg at mange av brukarane er knytte til skuleverket.

– Vi er no den einaste kunnskapskjelda for nynorsk av dette slaget, poengterer Finnanger Sandsmark til avisa. (©NPK)

Utskrift E-post