Samla nynorsk-krav til Erna Solberg

Erna Solberg har fått brev frå Nynorsk Forum. Foto: SMKErna Solberg har fått brev frå Nynorsk Forum. Foto: SMK

18 nynorske institusjonar og organisasjonar står samla bak kravet om støtte til LNK, Vinjesenteret og nynorske tiltak for barn og unge.

 

– Det fremste tiltaket for å styrkja nynorskinstitusjonane og dermed nynorsksatsinga i statsbudsjettet, er ein generell auke i basisløyvingane til institusjonane, heiter det i eit brev som Nynorsk Forum har skrive til statsminister Erna Solberg.

Nynorskindeksen måler kor mykje statlege løyvingar til nasjonale og regionale nynorsktiltak utgjer i prosent av det samla kulturbudsjettet. Frå å vere på 3,3 prosent i 2005-2007 og 3,2 prosent i 2010 er nynorskindeksen for 2017 berre 2,6 prosent.

Ber om auke på over 6,2 millionar
Nynorsk Forum ber særleg om ei auke for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Vinjesenteret og eit prosjekt for meir teater til barn i Det Norske Teatret. Nynorsk Forum ber om støtte på nær ni millionar kroner til desse tiltaka, ein auke på over 6,2 millionar frå året før.

LNK driv Framtida.no, i tillegg til Magasinett.no og Pirion.no. Og no i haust startar LNK opp ei stor nynorsk barnesatsing. Alle tiltaka er ein del av satsinga på nynorsk på nett for barn og ungdom.

– LNK driv i stor grad av eigenfinansiering av prosjekta sine, men er heilt avhengig av årvisse tilskot på 1,5 millionar kroner for å unngå reduksjon og nedlegging av tilboda for born og unge, heiter det i brevet, som òg er sendt kunnskapsministeren, kommunalministeren og kulturministeren.

Måtte ha vore 75 millionar høgare
Dei statlege løyvingane til nynorsktiltak i 2017 måtte ha vore 75 millionar høgare for å vera på same nivå som for ti år sidan, ifølgje Nynorsk Forum.

– I lys av dette er ønska svært moderate, skriv dei 18 nynorske organisasjonane og institusjonane i brevet.

Nynorsk Forum krev òg at regjeringa legg fram ei ny språkmelding i vår, og minner om at Språklova krev at dette blir gjort kvart fjerde år. No er det 11 år sidan det blei gjort.

Utskrift E-post