Vil jobba for nynorsken i Stortinget

Liv Kari Eskeland får plass på Stortinget som vara for statsminister Erna Solberg. (Arkivfoto)Liv Kari Eskeland får plass på Stortinget som vara for statsminister Erna Solberg. (Arkivfoto)

Liv Kari Eskeland (H) får følgje med fleire markerte nynorskfolk i det nye Stortinget. Ottar Grepstad meiner valresultatet kan styrkja nynorsken.

 Styremedlem i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og tidlegare Stord-ordførar Liv Kari Eskeland (H) er valt som fast vara på Stortinget for Erna Solberg.

– Me treng å løfta fram nynorsken, både i stortingsdokument og i samfunnet elles, seier ho strålande nøgd med valresultatet.

Eskeland seier ho vil jobba for å skapa ein positiv tilnærming til nynorsken i skulen.

– Tidleg start med nynorsk er viktig, difor er det så viktig dei satsingane som LNK jobbar med for barn og unge, og difor er det så viktig med tilgang til god nynorsk litteratur for barn og unge på alle flater, anten det er digitalt eller på papir, understrekar Liv Kari Eskeland til LNK.no.

Eskeland er òg styremedlem i Språkrådet, rådsmedlem i Nynorsk kultursentrum og tidlegare leiar i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget. Ho sit som LNK sin representant i Kompetanse Noreg si gruppe for læremiddel for vaksne framandspråklege.

– Det er viktig at det finst gode læreverk på nynorsk for vaksne framandspråklege innvandrarar. Eg vil gjera mitt for å få dette til, slår Liv Kari Eskeland fast.

Få nynorskbrukarar, men mange nynorskpolitikarar

Nynorsk kultursentrum har identifisert 21 nynorskbrukarar i det nye Stortinget, like mange som blei refererte på nynorsk 2013–2017. Dei er valde inn frå åtte fylke frå Troms i nord til Telemark og Rogaland i sør. I alle stortingsgrupper med meir enn ein representant blir minst ein referert på nynorsk.

Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk Kultursentrum, meiner valresultatet kan styrka nynorsken. Foto: Foto: Lars O. Flydal / Nynorsk KultursentrumOttar Grepstad, direktør i Nynorsk Kultursentrum, meiner valresultatet kan styrka nynorsken. Foto: Foto: Lars O. Flydal / Nynorsk Kultursentrum– Valresultatet kan styrkja nynorskpolitikken i Stortinget. Nynorskbrukarane landet rundt treng tydelege representantar som Terje Breivik (V), Tore Storehaug (KrF), Liv Signe Navarsete (Sp), Torgeir Knag Fylkesnes (SV), Hadia Tajik (Ap), Helge André Njåstad (Frp) og Solveig Abrahamsen (H), seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

– Det er viktig at både statsrådar og mange stortingsrepresentantar bruker nynorsk. Norsk språkpolitikk treng også nøkkelpersonar i ulike parti som brenn for tiltak som kan fremja språkleg jamstilling, meiner Grepstad.

– Me håpar dei vil samarbeida på tvers av partigrenser på ein slik måte at det blir fleirtal for tiltak som gjer det lettare å vera nynorskbrukar.

– Regjeringa har svikta

Ottar Grepstad er kritisk til den språkpolitikken regjeringa Solberg har ført 2013–2017.

– Den elles så reformvillige regjeringa prioriterte aldri kulturpolitikk og fremja ikkje sjølv ei einaste sak som kunne gi nynorskbrukarane betre vilkår, seier Ottar Grepstad.

– Dei positive vedtaka som kom, dreiv Venstre og Kristeleg Folkeparti fram med støtte frå nøkkelpersonar i Høgre. For 2018–2021 har Høgre heldigvis moderert sin eigen språkpolitikk.

Meldinga til det nye Stortinget frå Nynorsk kultursentrum er klar:

– Stortinget bør ikkje sitja stille i fire år til og la regjeringa sjå bort frå det lovfesta kravet om ei stortingsmelding kvart fjerde år om bruken av nynorsk i offentleg forvaltning. Valresultatet inviterer Stortinget til å ta tilbake styringa over norsk språkpolitikk, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum i pressemeldinga.

Les også Framtida.no sin intervju med det som blir landets yngste nynorskbrukar på Stortinget!

Utskrift E-post