Utvalet som skal foreslå ny vallov snart i sving

Vardø og Finnmark har det minste talet på veljarar av alle fylke, men sender likevel 5 representantar til Stortinget, medan Oslo, som har mest, sender 19. Blir det slik i framtida? Foto: Magne Thyrhaug/Flickr/CC-lisens.Vardø og Finnmark har det minste talet på veljarar av alle fylke, men sender likevel 5 representantar til Stortinget, medan Oslo, som har mest, sender 19. Blir det slik i framtida? Foto: Magne Thyrhaug/Flickr/CC-lisens.

Utvalet som skal lage forslag til ny vallov og vurdere endringar i den norske valordninga, har sitt første møte 16. oktober.

 

– Eg oppfattar mandatet slik at vi har frie taumar til å sjå på alt. Det er veldig mange kryssande omsyn å ta, men eg ser ikkje vekk frå at sperregrensa også er noko vi må sjå på, seier utvalsleiaren, lagdommar Ørnulf Røhnebæk, til Dagsavisen.

Han seier at det er svært mange omsyn som må takast.

– Ein kan jo tenkje heile Noreg som éin valkrets, men då fekk ein jo ikkje distriktsmandata. Arbeidet vi skal gjere blir ei utfordring, seier Røhnebæk.

LES OGSÅ: Raudgrønt og MDG vann med over 10000 stemmer

Øyvind Strømmen, journalist og MDG-politikar, sit i vallovutvalet. Foto: Wikipedia.Øyvind Strømmen, journalist og MDG-politikar, sit i vallovutvalet. Foto: Wikipedia.

Øyvind Strømmen er journalist og MDG-politikar frå Hordaland og sit også i vallovutvalet.

– Det kan jo oppfattast som å gråte for si eiga sjuke mor, men eg synest jo det er naturleg å ta opp i utvalet ting som kan gi skeive utslag, som sperregrensa og distriktsmandatfordelinga. Det er jo ingen løyndom at Oslo er underrepresentert, for eksempel. Dette er diskusjonar vi bør ta, seier han.

I valet i år fekk SV drygt 175.000 stemmer og elleve stortingsrepresentantar.

Venstre og KrF fekk høvesvis 122.000 og 127.000 stemmer, og får åtte stortingssete kvar. Raudt og MDG fekk høvesvis 70.000 og 94.000 stemmer og berre éin representant kvar.

Utvalet har frist til utgangen av 2019 med å legge fram forslag til ny vallov.

Utskrift E-post