Slik ser ein ny, nynorsk stortingsrepresentant ut

Foto: privatFoto: privat

Han ligg an til å bli ein av 21 nynorskbrukarar i det nye Stortinget. Men Tore Storehaug (KrF) er uroleg for nynorsken etter gårsdagens valresultat.

– Eg skal ikkje koma med nokre domedagsprofetiar, men eg er uroleg. KrF og Venstre er kanskje dei partia som har vore tydelegast og sterkast forankra i målrørsla, og når begge dei kjempar mot sperregrensa, så er det ikkje bra, seier Tore Storehaug (KrF).

Når 99,8 prosent av røystene er talte opp, er 25-åringen frå Sogn og Fjordane rekna med som ein av dei 21 nynorskbrukarane som er valde inn på Stortinget for den komande perioden. Det er éin fleire enn i førre periode, ifølgje ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum.

Tar plassen til Rotevatn

Storehaug ligg an til å overta utjamningsmandatet i Framtidsfylket frå sentrumskamerat og nynorskprofil Sveinung Rotevatn (V). Den unge KrF-politikaren lovar at han vil gjera sitt for nynorsken dei neste åra, men kjenner seg ikkje trygg på gjennomslaget.

– Det ligg an til at dei Høgre og Frp held fram i regjering. Korleis ser du på det?

– Det er ikkje så bra for nynorsken, men det er ei mindretalsregjering. Me har hatt ein periode no der KrF og Venstre har klart å halda dei i øyra, og den vippeposisjonen må me framleis bruka, seier Storehaug.

Ikkje inn i regjering

– Burde ikkje KrF gå inn i regjering for å sikra ein betre språkpolitikk?

– Det kan du kanskje spørja om, men KrF har vore veldig tydelege på at me har gått til val på ei ny regjering, og at me ikkje vil vera støtteparti for ei regjering med Frp. Det vil eg stå fast på.

– Vil de då heller prøva å få fleirtal for nynorsksaker saman med resten av opposisjonen?

– Ja, KrF kjem til å samarbeida frå sak til sak i Stortinget, og den makta vil me bruka til å få gjennomslag for mest mogleg av politikken vår, seier Storehaug.

Sunnfjordingen håpar mellom anna på å kunna samarbeida med gode krefter i SV og Senterpartiet, som gjekk sterkt fram i valet, om å få til betre sidemålsopplæring med tidlegare start.

 

Utskrift E-post