KrF opnar for å oppheve kommunetvang

Thorild Bransda og Steinar Reiten opnar for å reversera tvangssamanslåing av kommunar. Foto: KrfThorild Bransda og Steinar Reiten opnar for å reversera tvangssamanslåing av kommunar. Foto: Krf

Dersom kommunane ber om det, er fleire KrF-representantar opne for å gjera om på tvangssamanslåingar av kommunar.  

 

Det fortel Kommunal Rapport, som har snakka med fleire stortingspolitikarar frå KrF om saka.

– KrF er mot tvangssamanslåingar. Vi vil vurdera søknader om omgjering individuelt, og det må liggja eit fleirtalsvedtak lokalt til grunn for søknadene, seier Thorild Bransdal, nyvald stortingsrepresentant frå Vest-Agder og ordførar i Vennesla, til avisa.

Heller ikkje den nyvalde KrF-representanten Steinar Reitan frå Møre og Romsdal er framand for tanken.

– Sjølv om det blei fleirtal mot samanslåing i folkeavstemmingane i fjor, så er reversering eit nytt spørsmål å ta stilling til, seier han.

Nestleiar i KrF Olaug Bollestad er derimot meir skeptisk. Ho synest ikkje tvangssamanslåingar er ei sak som eignar seg å gjera om på. Ho peikar også på at KrF – i motsetnad til Senterpartiet – heller ikkje har gått til val på dette.

Bollestad legg til at KrF likevel er open for å sjå på enkeltsaker på nytt dersom det kjem fram spesielle moment som gjev grunn til det.

(©NPK)

Utskrift E-post