Fryktar for kutt i populære nynorske tilbod for barn og unge

Vidar Høviskeland er dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Vidar Høviskeland er dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Framlegget til statsbudsjett kuttar støtta til LNK med 1,2 millionar kroner. – No må me be om hjelp frå Stortinget igjen, seier dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland.

 

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) mista den faste støtta over kulturbudsjettet frå 2015. Dei siste tre åra har Kommunalkomiteen redda LNK i siste liten gjennom tilskot som i 2017 var på 1,2 millionar kroner. Kulturdepartementet kom tilbake med ei støtte på 300.000 kroner i 2017.

LNK søkte om å få heile støtta på 1,5 millionar frå Kulturdepartementet i år, då Kommunaldepartementet ikkje har slike støtteordningar som det kan søkast på. Dagleg leiar i LNK Vidar Høviskeland er skuffa over at statsbudsjettet berre har ei løyving på 310.000 kroner.

– Eit kutt i statsstøtta vil gå hardt ut over populære nynorske tilbod til barn og unge som Framtida.no, Magasinett og Pirion, åtvarar han.

Desse tilboda for barn og unge har så langt i år hatt til saman over ein halv million brukarar. I neste veke er LNK med på å starta Framtida junior – eit stort digitalløft på nynorsk for barn mellom 7 og 13 år.

– Eit kutt i statsstøtta kjem på eit verst tenkeleg tidspunkt når me satsar så tungt på noko som vil vera så viktig for bruk av nynorsk blant barn og unge, seier Høviskeland.

LNK driv i tillegg med språkkurs, språkleg rettleiing og anna nynorskarbeid retta inn mot dei 123 medlemene. Av desse er 103 kommunar og fire fylkeskommunar.

Dei 18 institusjonane og organisasjonane som er organisert i Nynorsk Forum stilte seg tidlegare i år bak kravet om ei løyving til LNK på 1,5 million kroner i 2017.

For ytterlegare kommentarar:

ring Vidar Høviskeland, mobil 905 06 617

Utskrift E-post