Nynorskkommune sende ut spørjeundersøking på bokmål

Vinje kommune sende ut ei spørjeundersøking på bokmål. Det har fått fleire til å reagere. Foto: Hallvard Østrem / NPKVinje kommune sende ut ei spørjeundersøking på bokmål. Det har fått fleire til å reagere. Foto: Hallvard Østrem / NPK
Nynorskkommunen Vinje i Telemark sende ut ei spørjeundersøking på bokmål til innbyggjarane sine. Det har vekt reaksjonar.
 

– Eg reagerer som veldig mange andre, fordi Vinje er ein nynorsk kommune, og då bør vi halde fast ved det, seier leiaren i Vinje mållag, Ingerid Hayes til NRK.

Også på Facebook har reaksjonane vore sterke. Der er det fleire som meiner bokmål bryt med identiteten til kommunen.

Vinje kommune utarbeidde spørjeundersøkinga i samarbeid med rådgivingsselskapet Mimir. Dei informerte kommunen om at dei ville levere ei undersøking på bokmål.

Ordføraren i Vinje kommune, Jon Rikard Kleven, seier til NRK at undersøkinga blei sendt ut på bokmål på grunn av tidspress. Vidare seier han at dette ikkje er god nok grunn til ikkje å bruke målforma til kommunen.

– Vi må passe på at dette ikkje skjer igjen. Vi har ein målbruksplan, den skal følgjast, seier han.

Utskrift E-post