Bø Mållag vil redde Bø-dialekten

Margit Ims er leiar i Bø Mållag. Foto: Noregs MållagMargit Ims er leiar i Bø Mållag. Foto: Noregs Mållag

Bø Mållag i Telemark har late seg inspirere av prosjektet Hått halling i Hallingdal og vil kjempe for å bevare den lokale dialekten, bøhering.

 

Bø-målet er hardare pressa enn mange andre dialektar på grunn av stor til- og fråflytting i området, skriv NRK.

– Hallingane har hatt mange av dei same utfordringane, og dialekten er ganske lik. Vi har sett på fleire av tiltaka deira og vil herme litt etter dei, seier leiar Margit Ims i Bø Mållag til NRK.

Mållaget ønskjer særleg å nå den yngre garde med dialektprosjektet, og internett blir ein viktig kanal.

I Hallingdal har Buskerud Mållag gjennom dei tre siste åra arbeidd med å styrkje hallingmålet som ein del av hallingidentiteten. Blant tiltaka har vore tevlingar, dialektseminar, konsertar, songbokslepp og ulike skuleopplegg. Mellom anna slo ein ungdomsskuleturné med geilingen Daniel Kvammen godt an blant både elevar og lærarar, ifølgje Hallingdølen.

(©NPK)

Utskrift E-post