No får innvandrarane læra nynorsk i Tysnes

Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe er glad for at kommunen no gjev nynorskopplæring til vaksne innvandrarar. Arkivfoto: Svein Olav B. LangåkerTysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe er glad for at kommunen no gjev nynorskopplæring til vaksne innvandrarar. Arkivfoto: Svein Olav B. Langåker
Tysnes kommune blir den 49. kommunen i landet som går over til nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar.

– For oss som nynorskkommune er det viktig å gje opplæring til innvandrarane på nynorsk. Når me no opplever at læreverket er godt nok, så er det naturleg å gå over til opplæring på nynorsk, seier ordførar Kåre Martin Kleppe til Framtida.no.

Han seier det har vore utfordringar ved å gje opplæring til innvandrarforeldre på bokmål, medan borna deira fekk opplæring på nynorsk i grunnskulen.

Tysnes-ordøraren er glad for at kommunen no skiftar til nynorsk for vaksne innvandrarar.

I tillegg til dei 49 kommunane som no har nynorsk som opplæringsspråk for innvandrarar, er det fire kommunar som har undervising på både nynorsk og bokmål, ifølgje ei oversikt frå Noregs Mållag.

Gå til temasidene våre for nynorsk opplæring av innvandrarar!

Utskrift E-post