Hareides nei til kommunetvang får Vedum til å juble

KrF påfører regjeringa eit nederlag i kommunereforma når partiet seier ja til at Leka og Bindal likevel ikkje må tvingast saman med Vikna og Nærøy.

 

– Dette er ein viktig prinsippsiger. Det er ikkje lenger fleirtal på Stortinget for å bruka tvang i kommunereforma. Tvangstankane til regjeringa har no fått ein nådestøyt, seier Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum til NTB.

Han er svært glad for avklaringa frå KrF tysdag, som han meiner gjev kommunane arbeidsro.

– Vi skulle helst ha sett at alle vedtaka om tvang blei gjort om, men dette er sjølvsagt kjempegledeleg for Leka og Bindal, seier han.

Reversering

Regjeringa tvinga opphavleg Leka kommune i Nord-Trøndelag og Bindal på Helgeland i Nordland til å slå seg saman med dei nordtrønderske kommunane Vikna og Nærøy.

Når KrF no meiner at dei to første må få halda fram som før, sikrar partiet fleirtal i Stortinget for at akkurat desse småkommunane får høve til å be om reversering, skriv Aftenposten.

Stortinget vedtok 8. juni at i alt 15 kommunar skal tvingast til samanslåing. Det var likevel berre Leka og Bindal som var sikre på at dei ville be om reversering viss dei skulle få høve til dette etter valet.

Resten står

Saka er aktualisert av eit Sp-forslag som opnar for at tvangskommunar som ønskjer reversering skulle få lov til det. Ap, SV og Raudt har tidlegare gjort det klart at dei vil støtta forslaget, og no sørgjer altså KrF for fleirtal for omgjering for to av i alt 15 kommunar som er omfatta av tvang.

Reint formelt må Leka og Bindal be om at tvangsvedtaket blir gjort om og så må eit fleirtal i stortingssalen seia ja. Både Leka og Bindal har tidlegare vore heilt tydelege på at dei vil be om reversering, skriv Aftenposten.

Ifølgje avisa opnar KrF også for at samanslåinga av Sandnes og Forsand kan gjerast om – sjølv om dette ikkje blei gjort ved tvang. Bakgrunnen er at det i Forsand har blitt politisk fleirtal mot den frivillige samanslåinga i etterkant av stortingsvedtaket i juni.

Stoppar ikkje Viken

KrF kunne også ha stoppa den nye storregionen Viken, men slik blir det ikkje. Dermed går det mot samanslåing av Buskerud, Akershus og Østfold.

Viken blei vedteke at Stortinget før sommaren, men opposisjonen ønskte omkamp om samanslåinga og har fridd til KrF. Partiet vender derimot tommelen ned for forslaget, stadfestar kommunalpolitisk talsperson i KrF Torhild Brandsdal overfor Aftenposten.

Partiet viser til at ein «i respekt» for semje mellom partia tidlegare i år om regionreforma ikkje vil fremja eller stemma (for) nokon reverseringar eller endring av den nye fylkesstrukturen som Stortinget vedtok 8. juni 2017, skriv avisa.

I merknadene strekar KrF derimot under at dei nye regionane må få fleire oppgåver når dei er klare i 2020. (©NPK)

Utskrift E-post