Venstre-ordførarar delte om regjeringsforhandlingar

Tre av Venstres sju ordførarar seier ja til vedtaket om at partiet skal gå i regjeringsforhandlingar. Tre seier nei, og éin sit på gjerdet.

 

Laurdag bestemte Venstre seg for å gå inn i regjeringsforhandlingar. Forhandlingane om ei trepartiregjering startar på nyåret. Avgjerda deler Venstre-ordførarane i to, skriv Klassekampen.

– Dette likar eg dårleg. Veldig dårleg. Eg meiner dette ikkje er rette vegen å gå om ein skal ha eit Venstre som dekkjer heile landet. Då må ein byggje opp tilliten i distrikta, seier Granvin-ordførar Ingebjørg Winjum. Ho meiner avstanden mellom Venstre og Frp er for stor.

Olav Kasland i Bø seier at Venstre-leiinga må skjønne at partiet er delt, og at denne avgjerda vil gjere det vanskelegare for partiet ved lokalvalet i 2019. Gunhild Berge Stang i Fjaler har tidlegare uttrykt sin skepsis, men seier at ho no er meir avventande.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo er av ei anna oppfatning.

– Dette er eit klokt vedtak. Eit politisk parti må søke makt og påverknad. Eg har trua på at det er mogleg å få dette til, seier Bjørlo.

Eivind Brenna i Vestre Slidre er einig med kollegaen på Eid. Det same er Lena Landsverk i Vanylven.

Det har ikkje lykkast Klassekampen å få tak i ordføraren i Hurdal, Runar Bålsrud. Han har tidlegare sagt at han sit på gjerdet i saka.

(©NPK)

Utskrift E-post