Kommunar får meir makt i konfliktar med staten

Nye lovvedtak gir kommunane større makt og sterkare rettar dersom det oppstår konflikt mellom stat og kommune. 

 

– Vi styrkjer lokaldemokratiet og det kommunale sjølvstyret i saker der kommunane er ueinige med statlege verksemder om korleis ein skal forstå regelverk på saker som gjeld lokale forhold, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i ei pressemelding.

Stortinget har vedtatt endringar i blant anna forvaltningslova og tvistelova.

Med dei nye reglane kan ein kommune som meiner at statleg overprøving av eigne vedtak eller praksis ikkje er korrekt, få ei ny vurdering. Kommunane kan gå til rettssak mot staten om gildskapen i eit statlege vedtak, innvendingar og vedtak frå departementet i saker om innvendingar etter plan- og bygningslova.

– Moglegheita til å få statlege avgjersler prøvd av domstolane vil virke oppklarande for rettstilstanden og gi viktig rettleiing i framtidige saker. Det vil både staten og kommunane kunne lære og dra nytte av, seier Sanner.

<p>(©NPK)</p>

Utskrift E-post