«Nynorsk litteraturhistorie» klar i april

Professor Jan Inge Sørbø ved Høgskulen i Volda er i april klar med praktverket Nynorsk litteraturhistorie. Foto: Martin Årseth / NPKProfessor Jan Inge Sørbø ved Høgskulen i Volda er i april klar med praktverket Nynorsk litteraturhistorie. Foto: Martin Årseth / NPK

I april lanserer Det Norske Samlaget storverket «Nynorsk litteraturhistorie» av professor Jan Inge Sørbø i samband med markeringa av 150-årsjubileet.

 

Det er første gongen den nynorske litteraturhistoria frå Ivar Aasen fram til i dag blir samla i eit eige verk.

– Ei slik historie vil både gi nye inngangar til å forstå utviklinga av den rike nynorske litteraturen, men òg norsk litteratur, sa forlagsdirektør Edmund Austigard ved oppstarten av bokprosjektet i 2016.

Den 28. april blir jubileet markert med festkveld på Det Norske Teatret i Oslo. Tre dagar før arrangerer Samlaget dessutan nasjonalt digitalt lesedøgn i grunnskulen under paraplyen Nynorsk lesefest. Der skal den nynorske barnelitteraturen løftast fram gjennom den interaktive leseplattforma Lesemeister.no.

(©NPK)

Utskrift E-post