Ny utgåve av bibliografi over nynorsk-debutantar

Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum har oppdatert bibliografien over skjønnlitterære forfattarar som har debutert på nynorsk eller dialekt, rundt 1.400 i alt. Foto: Jørund Hessevik / NPK.Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum har oppdatert bibliografien over skjønnlitterære forfattarar som har debutert på nynorsk eller dialekt, rundt 1.400 i alt. Foto: Jørund Hessevik / NPK.
Direktør Ottar Grepstad ved Nynorsk kultursentrum i Ørsta har oppdatert bibliografien «Skjønnlitterære debutantar på nynorsk og dialekt» frå 2015.
 

– Over 1.400 forfattarar har debutert skjønnlitterært på nynorsk eller dialekt i bokform. Halvparten av dei kom etter 1960, seier Grepstad i ei pressemelding.

Dei skjønnlitterære debutantane har komme ut på nærare 300 forlag, men i dei seinare tiåra står nokre få forlag for dei fleste utgivingane. Dei siste 50 åra har Det Norske Samlaget gitt ut kvar tredje debutant.

Utskrift E-post