Etterlyser moderne Ferdaminne

I høve Aasmund Olavsson Vinje sitt 200-årsjubileum inviterer Norsk Journalistlag til konkurranse om å lage eit ferdaminne frå vår tid. Vinnaren får 20.000 kroner.

– Eg synest det vil vere kult å gjere Vinje relevant, eller sjå kor relevant han er i dag, seier Gunhild Mohn, organisasjonssekretær i Norsk Journalistlag. Konkurransen er vedtatt av arbeidsutvalet til Norsk Journalistlag.

Mohn sit i den nasjonale komiteen som jobbar med Vinje-jubileet.

LES OGSÅ: Vinje 200 år. Slik blir feiringa

Nyskapande

Ferdaminne er Vinje si skildring frå den store Noregsreisa han gjorde i 1860 og blir ofte rekna som hans viktigaste verk.

Gunhild Mohn i Norsk Journalistlag sit i den nasjonale komiteen for Vinjejubileet. Foto: NJ

Vinje sitt format var det skrivne ord, men dagens Ferdaminne kan gjerast på alle medieplattformer og på begge målformer, ifølgje utlysinga.

– Eg håpar å få inn ei nytolking, noko spennande med ein ny vri og ny form. Det hadde for eksempel vore kult med ein instagram-historie. Kanskje noko som ser samtida på ein ny måte. Vinje var ein innovatør i si tid, som har inspirert andre seinare, seier Gunhild Mohn til Framtida.no.

Norsk Journalistlag vil markera Vinje både i Vinje i april og i Oslo i haust, og håpar fleire lokallag vil laga til sine markeringar av journalisten og forfattaren.

Vinnaren av konkurransen blir kunngjort på Vinje sin fødselsdag 6. april under jubileumsfeiringa i Vinje kommune

Utskrift E-post