Lokalavisredaktørar kritiserer distriktsnyheitene til NRK

Fleire lokalavisredaktørar meiner problemet til NRK ikkje er for lite sendetid, men tam lokaljournalistikk. 

 

Den siste tida har distriktsnyheitene til NRK vore i søkjelyset. Mange kritiserte NRK for omlegginga av lokalsendingane der sendetida blei kutta. NRK gjekk tilbake frå omlegginga onsdag, men no haustar dei ein annan type kritikk frå fleire lokalavisredaktørar.

– Med så store ressursar til rådvelde burde NRK gjort ein langt betre jobb, seier redaktør i Finnmark Dagblad, Arne Reginiussen til avisa Klassekampen.

Han meiner NRK har manglande djupne og engasjement i lokalsendingane sine. Også sjefredaktør i avisa Tidens Krav i Kristiansund meiner NRK fell mellom to stolar.

– Det er stor skilnad på kva som er interessant i nyheitsbilete i Ålesund og Kristiansund på ein gitt dag, sjølv om det sjølvsagt finst nokre felles interessefelt, seier han til Klassekampen.

Heller ikkje redaktøren i Moss Avis ser på NRK som ein stor konkurrent når det gjeld lokalnyheiter.

– NRK er inga lokalavis, og har heller ikkje ressursar til å gå tett på nedslagsfeltet til lokalavisene, seier distriktsredaktør i NRK, Grethe Gynnild Johnsen, til Klassekampen som svar på kritikken frå lokalavisredaktørane.

(©NPK)

Utskrift E-post