Mange nynorskforfattarar nominerte til litteraturkritikarprisane

Arnfinn Kolerud, Olaug Nilssen og Maria Parr er nominerte til Kritikarprisen. Foto: Per Eide, Bent R. Synnvåg og Agnete Brun, SamlagetArnfinn Kolerud, Olaug Nilssen og Maria Parr er nominerte til Kritikarprisen. Foto: Per Eide, Bent R. Synnvåg og Agnete Brun, Samlaget
Sju av dei seksten som er nominerte til litteraturkritikarprisane for 2017 er nynorskbrukarar.

Mangfald og breidde er stikkord for lista over dei nominerte til litteraturkritikarprisane som Norsk kritikerlag har offentleggjort. Dette ber ikkje minst nominasjonane for beste vaksenbok preg av. Her finn vi den kritikarroste romanen til Jan Kjærstad «Berge» side om side med den kritikarroste diktsamlinga til Cecilie Løveid, «Vandreutstillinger».

Den sjølvbiografiske romanen til Olaug Nilssen «Tung tids tale» er nominert i same kategorien, og det same gjeld «Begynnelser» av Carl Frode Tiller. Begge desse romanane er på nynorsk.

I sakprosakategorien er «Nesten menneske. Biografien om Julius», av Alfred Fidjestøl, på plass. Også den er på nynorsk.

Anne Bitsch’ «Går du nå, er du ikke lenger min datter», Geir Hestmarks «Istidens Oppdager» og Marte Spurklands «Klassen» er nominerte i sakprosaklassen.

Maria Parr konkurrerer med Arnfinn Kolerud, Synne Sun Løes, og Magnhild Winsnes om pris i beste barne- og ungdomsbok-kategori. Både Parr og Kolerud skriv på nynorsk.

I kategorien beste omsetjing kjempar Merete Alfsen, Erik Ringen, Øystein Vidnes og Margunn Vikingstad om pris. Dei to siste er begge nynorskbrukarar.

Litteraturkritikarprisane for bokåret 2017 blir delt ut torsdag 1. mars på Litteraturhuset i Oslo. (©NPK)

Utskrift E-post