Hundrevis av sunnhordlendingar vil til Rogaland

Onsdag 14. februar fekk ordføraren på Stord Gaute Straume Epland overrekt 390 underskrifter frå sunnhordlendingar som har skrive under på eit opprop om at Stord bør bli ein del av Rogaland. 

 

Det er Lars Slettebø som har teke initiativ til underskriftskampanjen. Han meiner at folk ikkje er høyrde i samband med samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane, skriv bladet Sunnhordland.

Slettebø meiner det er meir naturleg at både Stord, Sveio, Bømlo og Fitjar samarbeider med Rogaland enn med eit storfylket nordover. Han peikar på at desse kommunane alt har eit godt samarbeid med Rogaland på fleire område.

I oppropet blir det dessutan peikt på at Stord er den kommunen i landet med det mest oljeretta næringslivet og at det difor er mest naturleg å høyra til oljefylket og ha Stavanger som regionshovudstad.

Ordførar i Stord kommune, Gaute Straume Epland, trur derimot ikkje overgang til nytt fylke er vegen å gå.

– Eg deler misnøya di over at ikkje Rogaland blei med i storfylket, og eg ser på samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane som første steg på vegen mot eit stort vestlandsfylke, seier han til avisa.

Dersom Stord melder overgang til Rogaland fryktar han at Sunnhordland blir splitta og at utbrytarane som vel å gå til Rogaland blir ståande åleine. Epland seier han i staden er meir samd med Haugesund-ordførar Arne-Christian Mohn som har teke til orde for at nordre delen av Rogaland bør bli ein del av Hordaland.

– Dersom Nord-Rogaland byggjer alliansar mot nord, tru eg resten av Rogaland kjem etter, seier Stord-ordføraren.

Men det siste ordet om oppropet er enno ikkje sagt. Med 390 underskrifter kjem saka opp i kommunestyret.

– Det trur eg me kan vera tente med, seier ordføraren.

<p>(©NPK)</p>

Utskrift E-post