Rogaland betalte mest skatt i fjor

Ingen fylke bidrog med fleire skattekroner i fjor enn Rogaland. Oljefylket stod for nesten ein femdel av 476 skattemilliardar frå fylka.

 

Når personskatt, selskapsskatt og arbeidsgjevaravgift blir lagt saman, blir summen 104 milliardar kroner for Rogalands del, skriv Stavanger Aftenblad. Oslo følgjer hakk i hæl med 99 milliardar. Deretter følgjer Akershus og Hordaland. Til saman står hovudstadsregionen og den sørlege halvdelen av Vestlandet for 63 prosent – nesten to tredelar – av innbetalingane.

Oslo og Rogaland er også øvst på lista over kvar verdiskapinga skjer, og her ligg hovudstaden framfor oljefylket. I 2016 var ikkje oljeutvinning lenger den største næringa i landet.

– Noregs største verdiskapar dei siste åra er utvilsamt oljeutvinning, men den låge oljeprisen dei siste åra har medført at andre næringar har høgare verdiskaping i 2016, seier banksjef Terje Roaldsvik Fanebust i DNB.

Finans, varehandel, industri, bygg og anlegg og transport og lagring hadde alle større verdiskaping. Samtidig er det verdt å merke seg at rangeringa ikkje fangar opp funksjonen oljeutvinninga har som katalysator for aktivitet i andre næringar.

(©NPK)

Utskrift E-post