Sluttar som generalsekretær i Noregs Ungdomslag

Eli Ulvestad har varsla styret om at ho seier opp stillinga si i Noregs Ungdomslag, og at siste arbeidsdag blir 31. mai.

 

Eli Ulvestad har vore generalsekretær i NU sidan 2009, og er no inne i si siste åremålsperiode. Det ligg såleis ingen dramatikk bak avgjerda om å slutte.

– Eg har hatt ni fantastiske år i ein makelaus organisasjon, seier Eli. I denne perioden har organisasjonen sentralt vore gjennom store strukturelle endringar, og det har vore svært spennande å få vere med på dette omstillingsarbeidet. - Eg har heile vegen blitt inspirert av dei mange eldsjelene i ungdomslaga, som står på for å skape eit levande kulturliv lokalt, og som sørger for eit kulturtilbod for både små og store.

– Eg har vore privilegert som har fått arbeide i ein organisasjon som Noregs Ungdomslag, som er ein organisasjon som betyr mykje både i ein lokal og ein nasjonal samanheng. Sjølv om det er vemodig å slutte, er det ei tid for alt.

Ulvestad sluttar i NU for å starte i ei stilling som dagleg leiar for SV sitt partikontor. Stillinga som generalsekretær vil bli lyst ut i løpet av kort tid.

Utskrift E-post