Kuttar i grammatikken – det likar Mållaget dårleg

VAGT: Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, meiner skilnadane mellom nynorsk og bokmål må få større plass i den nye læreplanen. Foto: Noregs Mållag.VAGT: Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, meiner skilnadane mellom nynorsk og bokmål må få større plass i den nye læreplanen. Foto: Noregs Mållag.
I det nye norskfaget skal elevane i større grad finne ut av ting sjølv, men Noregs Mållag meiner dei kan trenge hjelp til å hugse på nynorsken.
 

Norskfaget skal handle mindre om norrønt språk. Eldre språk- og litteraturhistorie blir også nedprioritert. I staden skal elevane lære meir om kjeldekritikk, og det nye faget skal i større grad lærast gjennom bruk og utforsking av språket.

– Linja frå norrønt språk til nynorsken blir dessverre svekt i det nye framlegget, men den linja har nok ikkje stått spesielt sterkt i elev-sinnet frå før, heller, seier Magne Aasbrenn.

Leiaren i Noregs Mållag er positiv til delar av framlegget til ny læreplan i norsk. Mellom anna set han pris på at språkleg mangfald har blitt eitt av seks hovudpunkt i planen som no er på høyring.

LES OGSÅ: Vil ha mindre idrett, norrønt og religionshistorie i norsk skule

Kuttar i grammatikken

I grunngjevinga skriv arbeidsgruppa at elevane skal sjå sin eigen språklege situasjon i lys av andre sin. Gjennom utforsking av korleis språklege møte kan skape språkendring, skal elevane sjå språklege endringar i eit historisk, men også framtidig perspektiv.

Ivar Aasen og nynorsken han laga hjelper deg ein del om du vil lære om språksituasjonen i dag.

– Kva tenker de om at historiske linjer blir tona ned til fordel for utforsking og aktiv bruk av språket?

– Hovudlinjene i språkpolitikken på 1800-talet og 1900-talet er med i vidaregåande-planen, og det er dei viktigaste periodane for å forstå Ivar Aasen og den norske målreisingstanken og situasjonen vi har i dag, seier Aasbrenn.

– Vagt skilje mellom nynorsk og bokmål

Han er meir uroa for at skiljet mellom nynorsk og bokmål er for vagt. Han peikar på at formverk (grammatikk) berre er oppført som kunnskapsområde for 1.-7. klasse.

– Formverk burde absolutt vere med heilt til og med VG3 slik at ein kan samanlikne mellom bokmål og nynorsk heilt ut, og elevane blir bevisste på formverket i eigen dialekt samanlikna med formverket i bokmål og nynorsk.

Mållaget saknar at nynorsk og bokmål blir spesielt nemnde i utkastet til ny læreplan. Foto: Skjermdump

Aasbrenn meiner nynorsk og bokmål burde vore nemnde med namn under kjerneelementet for «Språket som system og moglegheit».

– Det er nettopp i samanlikninga mellom språk ein ofte oppdagar grammatikken, eller «forma» til språket, seier Aasbrenn.

Må passe på mengda nynorsk

Ein annan ting Aasbrenn meiner bør spelast inn til læreplanen som no er på høyring, er at planen ikkje tar høgd for at nynorskelevar og bokmålselevar har ulik språklæringssituasjon. Det gjeld til dømes kor mykje ein må eksponerast for hovudmål og andre språk.

– Nynorskelevar har eit større behov for å bli eksponerte for eige hovudmål, medan det for bokmålelevar kanskje er motsett, seier han.

Til slutt gir mållagsleiaren litt skryt til forfattarane av læreplanen, som ofte har blitt kritisert for dårleg og vanskeleg språk.

– Generelt har språkføringa i norskplanen blitt betre og tydelegare, det er jo bra!

Endringar i norskfaget
  • Nedprioritere delar av det kulturhistoriske stoffet, som norrønt språk, eldre språk- og litteraturhistorie
  • Meir vekt på at elevane skal utvikle utforskande ferdigheiter og digital dømmekraft
  • Omgrepet «kreativ tekst» er fjerna for å understreke at kreativitet kan vere ein del av alle teksttypar eller sjangrar.

Læreplanen er på høyring til 17. april og du kan gje di tilbakemelding her.

Utskrift E-post