Rekordresultat for Nynorsk kultursentrum

Årsresultatet for Nynorsk kultursentrum i Ørsta blei på 1,3 million kroner i 2017. Det er det beste resultatet nokon gong for institusjonen, som hadde samla inntekter på 28,6 millionar, går det fram av ei pressemelding.

 

Det er sett av 600.000 kroner av overskotet til basisutstillinga i Vinje-senteret.

– Drifta blei styrt i retning av eit vesentleg overskot for å sikre midlar til fleire slike store prosjekt, seier styreleiar Lodve Solholm i pressemeldinga. Han meiner at dei samla resultata i 2017 gir eit godt grunnlag for å finne den nye direktøren.

Styret har valt Lodve Solholm til styreleiar for to nye år. Etter åtte år i styret måtte Grete Riise takke for seg, og Hilde Barstad er vald som ny nestleiar for to år.

Styret i Nynorsk kultursentrum har også fått fleire nye medlemer. Kulturdepartementet har utnemnt Hilde Bjørnsvik frå Ål som ny medlem, og Bjørn Lødemel frå Hornindal og Sven-Roald Nystø frå Tysfjord som nye varamedlemer. Rådet har valt Janne Nygård frå Jølster, busett i Oslo, inn i styret, og dei tilsette har valt Siri Beate Gjerde som ny styremedlem og Stina Aasen Lødemel som varamedlem etter at ho har vore styremedlem i fire år.

Sæbjørn Forberg frå Skjåk og Jon Østbø frå Oslo held fram i styret, det same gjer Ellen C. Kvalsund frå Ulsteinvik som varamedlem, medan Brit Bildøen hadde takka nei til attval.

I fjor haust valde rådet Per Halse frå Ørsta som ny rådsordførar. (©NPK)

Utskrift E-post