– Den beste måten å heidre Vinje på, er å gje journalistikk på nynorsk gode vilkår

Fredag 6. april er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje blei fødd. – Den beste måten å heidre Vinje på, er å gje journalistikk på nynorsk gode vilkår, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Vinje grunnla den nynorske journalistikken og synte at landsmålet kunne brukast i alle sjangrar.

Denne veka sa kulturminister Trine Skei Grande i Stortinget at ho ønskjer eit breitt forlik om støtteordningane for mediebransjen.

Magne Aasbrenn i Mållaget. Foto: Noregs Mållag.

– Dette er klokt. Journalistikken treng føreseielege rammevilkår. Men no må ikkje Trine Skei Grande gløyme nynorskjournalistikken, slik Åmås-utvalet gjorde, seier Magne Aasbrenn.

Han peikar på at NOU-en (Noregs offentlege utgreiingar) om mediemangfald, som blei skriven under leiing av Knut Olav Åmås, ikkje tok opp det språklege mangfaldet i Noreg.

Foreslår fire tiltak

Magne Aasbrenn peikar på fire tiltak kulturministeren kan ta tak i:
- å styrkje distriktskontora til NRK,
- å presisere at NRK og TV2 bør få krav på seg til å bruke nynorsk på nett,
- å sørgje for at pressestøtta særleg løftar lokalavisene og dei meiningsberande avisene
- å ikkje opne for nye støtteordningar utan utbyteavgrensing.

– Slike ordningar ville gått til å sponse storavisene med nynorskforbod. Det er ikkje staten si oppgåve å støtte opp om språksensur, seier Magne Aasbrenn.

Han trur Grande kan bli ein språkminister Aasmund Olavsson Vinje ville vore stolt av.

– Om Trine Skei Grande bruker jubileet til å gje nynorskjournalistikken eit løft, er det eit ferdaminne som står seg, avsluttar Magne Aasbrenn.

Utskrift E-post