Maria Parr får Nynorsk barnelitteraturpris 2017

Foto: Margunn Sundfjord/NPKFoto: Margunn Sundfjord/NPK
Maria Parr får Nynorsk barnelitteraturpris 2017 frå Noregs Mållag for boka «Keeperen og havet».

– Med truverdige karakterar leverer årets prisvinnar eit solid stykke litteratur som kan stå seg i lang tid framover, skriv juryen i grunngjevinga.

LES OGSÅ: Maria Parr sitt barndomsunivers fekk fart på skrivegleda

Maria Parr får prisen på Barnelitteraturfest på Samlaget i Oslo fredag 13. april, same dag som landsmøtet i Noregs Mållag opnar i Vinje. Dette er tredje gong Maria Parr gir ut bok, og det er tredje gong ho får Nynorsk barnelitteraturpris, heiter det i ei pressemelding frå Noregs Mållag.

Prisen er på 30.000 kroner og har blitt tildelt sidan 1968.

Juryen har vore Marthe Frette, Gudrun Kløve Juuhl og Kristine Thorkildsen.

Utskrift E-post