Nynorsk litteraturpris til Olaug Nilssen

Oddny Miljeteig er ny heidersmedlem i Noregs Mållag, Magni Øvrebotten er tildelt Målprisen 2018 og Olaug Nilssen er tildelt Nynorsk litteraturpris 2017. (Foto: Hallstein Dvergsdal)Oddny Miljeteig er ny heidersmedlem i Noregs Mållag, Magni Øvrebotten er tildelt Målprisen 2018 og Olaug Nilssen er tildelt Nynorsk litteraturpris 2017. (Foto: Hallstein Dvergsdal)

Olaug Nilssen er tildelt Nynorsk litteraturpris 2017 for boka «Tung tids tale».

 

Boka er gjeve ut på Samlaget. Det er Det Norske Teatret, Det Norske Samlaget og Noregs Mållag som står bak prisen, som er på 30 000 kroner. Prisen vart delt ut på landsmøtemiddagen til Noregs Mållag laurdag kveld.

- Årets vinnar av Nynorsk litteraturpris er ein uvanleg sterk roman, skriv juryen om «Tung tids tale.
- Boka er skriven i eit knapt og usentimentalt språk, samstundes som forfattaren rører ved dei djupaste kjensler, forholdet mellom mor og barn.

Juryen har vore Siri Ingvaldsen og Ingrid Weme Nilsen og dei skrive denne grunngjevinga:
«Årets vinnar av Nynorsk Litteraturpris er ein uvanleg sterk roman som skildrar korleis det er å vere foreldre til eit barn som er annleis. Boka er skriven i eg-form, og mykje av teksten er adressert til eg-personens barn, ein gut. Guten er avhengig av mykje hjelp for å leve eit godt liv, og vi får eit innblikk i moras evige kamp mot byråkratiet for å sikre sonens velferd. Vi kjenner korleis ho kjemper for å halde familien samla, for dei andre barna sine og for seg sjølv og mannen sin.

Dette er ei bok om livet med eit autistisk barn. Det handlar om foreldras sorg ved å sjå barnet misse språket og forandre personlegdom, om dagleglivets mange utfordringar, men òg om dei gode stundene når kontakten med guten er der, og alt fungerer som det skal i kvardagen.

Boka er skriven i eit knapt og usentimentalt språk, samstundes som forfattaren rører ved dei djupaste kjensler, forholdet mellom mor og barn.

Juryen gratulerer Olaug Nilssen med Nynorsk litteraturpris 2017 for romanen «Tung tids tale»!

Utskrift E-post