Skald heidra med pris for vakre bøker

Klassisk verdslitteratur på nynorsk frå Skald forlag er kåra til den vakraste bokserien.
 
.

I grunngjevinga heiter det at bokserien er prega av ein slagkraftig estetikk som ikkje går på tvers av det litterære uttrykket og som er nyskapande.

– Her har ein satsa friskt med nye omsetjingar til nynorsk av litt ukjende omsetjarar og utradisjonelt designval. Dei klassiske litterære verka har fått eit tydeleg seriepreg med fleirtydlege, slåande, ikoniske illustrasjonar og spesialteikna skrift, meiner juryen.

Det er designarane Andreas Töpfer, Øystein Vidnes og Stefan Ellmer som står bak utforminga av klassikarserien til Skald.

I tillegg til å gå til topps i serien vakraste bokserie, vann forlaget også gull for utgjevinga av Edda av Jon Fosse i kategorien skjønnlitteratur og sølv i kategorien bokomslag. Det er Rune Døli som står for utforminga av denne boka, medan skriftdesignar Stefan Ellmer har laga typografien på framsida.

Det er bransjeorganisasjonen Grafill som deler ut prisane for årets vakraste bøker.

Utskrift E-post